Kan måle kunstinteresse

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eller er det kva du har med deg i bagasjen som avgjer om du likar eit måleri eller ikkje?

Begge, ifølgje eit australsk-norsk forskingslag ved Universitetet i Bergen (UiB).

LES OGSÅ: – Kunstens Messi

Fører fagretningane saman
Nevrologar trur at biologiske prosessar i hjernen avgjer om ein likar eit kunstverk eller ikkje. Historikarar og filosofar meiner denne forklaringa er for enkel, og meiner at også eksterne faktorar, som kva ein veit om kunstnaren sine intensjonar eller kortid verket vart skapt, påverkar opplevinga.

Ved UiB har forskarar utvikla ein modell som tek høgde for begge teoriane.

– Vi meiner den historiske og den psykologiske tilnærminga er like viktige, men ikkje fullstendige, seier professor i psykologi Rolf Reber, på UiB sine nettsider.

LES OGSÅ: Kvinnestipend til kunstprosjekt

Likar krevjande måleri
Frå tidlegare forsking veit ein at eit måleri som er vanskeleg – men mogeleg – å tolke, vert opplevd som meir meiningsfylt enn eit måleri som ein forstår med ein gong.

– Målaren Eugène Delacroix nytta seg av dette når han måla bilete frå krig. Joseph Mallord William Turner gjorde det same i “Snow storm”. Når ein må streve for å forstå, kan ein få ei oppleving som opnar auga. Det set hjernen pris på, forklarar Reber.

I den nye modellen for å måle kunstinteresse, måler forskarane hjerneaktivitet, intervjuar testpersonar om tankar og reaksjonar, og kartlegg deira kjennskap til kunsten.

– Slik kan vi få nye og spanande innsikter i kvifor folk set pris på kunst. Modellen kan brukast til visuell kunst, musikk, teater og litteratur, seier Reber.

LES OGSÅ: Skal promotere norsk kunst i USA