Til veggs om asylborn

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politikarane til veggs

Andrea Sjøvoll er leiar i Redd Barna sin ungdomsorganisasjon PRESS. Vi ba henne stille spørsmål om det ho kan best, til dei ho sjølv vil.

Her kan du lese kva Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy og Senterungdommen-leiar Sandra Borch svara då PRESS stilte dei til veggs om asylborn sine rettar.

PRESS: Burde vi gjere ei forskriftsendring som gjer det tydeleg at barnets beste skal vege tyngre enn innvandringsregulerande omsyn?

Unge Høgre: – Nei, ikkje i større grad enn i dag. I handsaminga av asylsaker må vi vege omsyna, slik at menneske med behov for vern får opphald, medan dei som får avslag returnerer heim umiddelbart. Dersom vi veg omsyna annleis, vil det kunne føre til at enkelte som ikkje har krav på opphald får det, på kostnad av dei som faktisk har krav på opphald.

Senterungdommen: – Ja, Senterpartiet er opptatt av at born sitt beste skal bli særleg vektlagt i opphaldssaker. Noreg må følgje barnekonvensjonen til FN. Utlendingsmyndigheitene må vere organisert på ein måte som både sikrar rask og forsvarleg sakshandsaming, og at den enkelte sin rettstryggleik vert teken vare på. Vi må òg gjere ventetida på asylmottak meiningsfylt og kortast mogleg.

PRESS: Burde barnevernet få omsorgsansvaret for einslege asylsøkjande born mellom 15 og 18 år?

Unge Høgre: – Nei, asylsøkjande mellom 15 og 18 år vert i dag rekna og behandla som vanlege asylsøkjarar og må difor verte handsama av asylinstituttet. Men barnevernet bør sjølvsagt verte kopla inn når det er naudsynt i desse sakene, då dei er under 18 år.

Senterungdommen: – Ja, barn mellom 15 og 18 år som er einslege aylsøkjarar, bør få den same behandlinga som dei ville fått dersom dei ikkje var asylsøkjarar. Vi har ein myndigheitsalder på 18 år, og då må alle born får tilstrekkeleg omsorg, uansett kva for opphav dei har.      

LES OGSÅ: Asylborna med viktig melding

PRESS: Burde born verte inkludert i Dublin-forordninga*?

Unge Høgre: – Born vert sende med foreldra sine, dersom dei ikkje kjem som einslege asylsøkjarar. Dermed er dei aller fleste born allereie inkludert i forordninga. Einslege asylsøkjarar under 18 år bør ikkje verte inkludert, av omsyn til barnets beste.           

Senterungdommen: – Born bør ut av denne ordninga. Samstundes er det viktig å ha ordninga for vanlege asylsøkjarar, slik at det ikkje vert mykje dobbelarbeid for landa, ved at dei må handsame søknadar som allereie har fått avslag.

PRESS: Vil de halde ved lag ordninga med tidsavgrensa opphaldsløyve til einslege asylsøkjande born mellom 16 og 18 år?

Unge Høgre: – Ja, fordi einslege asylsøkjarar mellom 16 og 18 år ikkje skal verte sendt ut, men få tidsavgrensa opphaldsløyve slik at eventuell utsending trer i kraft når dei fyller 18 år.

Senterungdommen: – Dette er eit veldig vanskeleg tema. Om barnet har komme som einsleg aylsøkjar, kan mykje verte løyst av at barnevernet har ansvaret. Men det er ikkje verdig at ein til dømes sit tre år på vent i Noreg, for så å bli sendt tilbake til heimlandet som 18-åring.

LES OGSÅ: Den arabiske hausten

PRESS: Kva vil de gjere for å hindre at born forsvinn frå asylmottak?

Unge Høgre: – Det største problemet med at born forsvinn frå mottak, er når dei vert offer for menneskehandel eller anna kriminalitet. Politiet sitt arbeid mot menneskehandel og organisert kriminalitet blant dei som kjem hit motarbeider dette. I tillegg må mottaka melde frå tidlegare når born forsvinn, for å korte ned tida frå barnet forsvinn til politiet set i gang arbeidet. Til sist er det viktig at politiet, asylinstituttet og mottaka har eit betre samarbeid, for å motverke at born forsvinn.

Senterungdommen: – Vi må ha tettare oppfølging av borna, til dømes ved å ikkje inkludere dei i Dublin-forordninga. I tillegg bør ein bruke ressursar på å kartleggje og følgje opp einslege mindreårige asylsøkjarar i kriminelle miljø. Det bør også nemnast opp éin person som får hovudansvaret for saker der einslege mindreårige forsvinn frå mottak. På den måten kan vi få betre oversikt og kontroll.

Kven er du mest einig med?

LES OGSÅ: Unge på flukt blir fanga i byråkratiet

Faktaboks

Dublin-II-forordninga er ein avtale mellom EU-landa, Island og Noreg.

Ein søknad vert ei Dublin-sak dersom søkjaren har søkt beskyttelse i eit anna land, er registrert med fingeravtrykk i eit anna land, eller har visum eller opphaldsløyve i eit anna land.

Einslege mindreårige asylsøkjarar vert berre returnerte til andre land som er med i Dublin-samarbeidet, dersom dei har søkt beskyttelse i eit anna medlemsland.