Menn klagar mest

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny norsk rapport om muskel- og skjelettsmerter hjå kvinner og menn syner at blant dei som rapporterte om smerte førte nærmare kliniske undersøkingar til at langt fleire kvinner enn menn fekk påvist ein reell diagnose. Det skriv Dagsavisen.

– Diagnosane vart stilte etter klåre og strenge kriterium, noko vi tek som eit teikn på at smertene hjå dei som fekk diagnose var meir alvorlege enn hjå dei som ikkje fekk det, seier overlege Ingrid Sivesind Mehlum ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami), som står bak rapporten.

LES OGSÅ: Eigen kontakt til sjuke

Dei største kjønnsskilnadene fann forskarane ved olbogesmerter og nakkesmerter.

– Det er relativt godt kjent at kvinner rapporterer meir smerte enn menn, også når det gjeld arbeidsrelaterte smerter. Mange vil tenkje at dette er fordi kvinner overrapporterer smerter i større grad enn menn, men funna våre syner tvert i mot at kvinnene har meir alvorlege smerter og klagar mindre enn menn, seier Mehlum.

LES OGSÅ: Uføretrygd går i arv

I tillegg til kjønnsforskjellar fann forskarane ved Stami også at personar frå lågare sosiale lag rapporterte meir, og oftare meir arbeidsrelatert smerte, enn personar frå høgare sosiale lag. Kvinner i lågtlønsyrker kjem dårlegast ut.

– Mange av desse kvinnene har ein ganske slitsam jobb, i tillegg til ein krevjande heimesituasjon. Høgstatuskvinnene har ein mindre belastande jobb, og ei lågare totalbelastning, seier Mehlum.

LES OGSÅ: Sverige er nest best