Jonas Gahr Støre (Ap) vil at alvorleg sjuke skal få sin eigen kontaktperson.

Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil endre på ordninga med pasientansvarlege legar ved sjukehusa. Han vil at alle alvorleg sjuke pasientar skal få sin eigen kontaktperson.

Ordninga med pasientansvarlege legar ved sjukehusa har eksistert i tolv år, men har aldri fungert, sjølv om sjukehusa har plikt til å gi eit slikt tilbod, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Stiller politikarane til veggs

No vil Støre bort frå kravet om at pasientkontakten må vere ein lege.

– Vi har fått tilbakemeldingar om at det er vanskeleg å oppfylle plikta, særleg fordi koordinatoren bør vere lege. Derfor gjer vi no framlegg om at kontaktpersonane må ha ein helsefagleg bakgrunn. Det vil det gjere lettare for sjukehusa å oppfylle plikta. For pasienten er det viktig at kontaktpersonen kjem raskt på plass, seier Støre til avisa.

Mange pasientar har vore frustrerte over at dei ikkje får informasjon eller veit kven dei skal spørje i samband med behandling av alvorlege sjukdommar som til dømes kreft. Nestleiar i Sykepleierforbundet, Solveig Kopperstad Bratseth, synest derfor framlegget frå helseministeren er godt.

– Det må vere hjelpebehova til pasientane som avgjer kva slags kontaktperson dei treng, seier ho og meiner eit slikt tilbod ikkje bør vere avhengig av ein fast yrkesgruppe.

Helsepolitisk talsmann i Høgre Bent Høie meiner framlegget er dårleg. Han vil heller ha ein fast ansvarleg lege ved sjukehuset.

Framlegget frå Helsedepartementet er no ute på høyring med svarfrist 21. oktober, etter stortingsvalet.

LES OGSÅ: Vil ha full røykjestopp

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE