Større risiko for tidleg død ved sporadisk stordrikking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Større risiko for tidleg død

Ein ny studie frå Folkehelseinstituttet syner at sporadisk stordrikking, såkalla «binge-drinking» på engelsk, aukar risikoen for å døy tidleg.

Studien er basert på ei undersøking blant drygt 12.000 personar frå Finnmark Alkoholvanane vart målte med eit spørjeskjema, og ved kopling mot Dødsårsaksregisteret undersøkte forskarane dødsfrekvensen hjå deltakarane i 1987 og 2009.

LES OGSÅ: Helseekspertar vil forby snus og pappvin

Forskarane fann to motsette trendar: 

Stordrikking hang saman med auka dødsrisiko knytt til alle årsaker og knytt til hjarte- og karsjukdommar. Jo oftare ein drikk mykje, dess høgare risiko for å dø. Samtidig fann forskarane at det å drikke mindre mengder kvar veke eller sjeldnare hang saman med lågare dødsrisiko knytt til hjarte- og karsjukdommar enn det å vere avhaldande. 

LES OGSÅ: – Ta ein slurk