Varmaste tiår kosta liv

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med unntak av 2008, var kvart år førre tiår blant dei ti varmaste som er registrerte sidan målingane byrja på 1850-talet.

I begge hemisfærar var perioden frå 2001 til 2010 det varmaste tiåret, og det var òg det nest våtaste som nokon gong er registrert. Ikkje sidan 1855 har tropiske syklonar kome så ofte, ifølgje ein fersk rapport frå FNs meteorologiske organisasjon (WMO).

Ekstremvêret kosta meir enn 370. 000 menneskeliv, ifølgje same rapport.

LES OGSÅ: Politisk grønvasking

– Global oppvarming auka i dei fire tiåra frå 1971 til 2010, og den tiårsmessige aukingsraten mellom 1991–2000 og 2001– 2010 var eineståande, seier WMO-sjef Michel Jarraud i ei fråsegn.

Førebelse funn som blei offentleggjorde i mars i fjor tyda på at dei første ti åra av dette tusenåret var det varmaste nokon gong, og WMOs rapport stadfestar opplysningane.

Talet på menneske som mista livet i flom, fall med 43 prosent, medan talet offer for stormar fall med 16 prosent i perioden. Dette er i stor grad takka vere betre varslingssystem og førebuingar.

Likevel blei det i dei første ti åra av 2000-talet registrert meir enn 370.000 dødsfall som kan knytast til ekstremvêr og klima. Det er ei auking på 20 prosent frå førre tiår.

LES OGSÅ: – Verdas største utfordring