Forskar slaktar skuletest

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pisa-undersøkinga er eit internasjonalt prosjekt i regi av OECD, som skal kartleggje 15-åringar sin kompetanse innan lesing, matematikk, naturfag og problemløysing. Undersøkinga vert gjennomført kvart tredje år, neste gong i 2015.

Den danske professoren Svend Kreiner har forska på undersøkinga, og meiner den i røynda gjev dei testresultata ein ønskjer, ifølgje Utdanningsforbundet og Bergens Tidende.

Syner ikkje det faglege nivået
Kreiner, som er statistikkprofessor i undervisningstest ved Københavns Universitet, seier testen ikkje syner elevane sitt faglege nivå i forhold til elevar i andre land. I staden byggjer den på ein metode som fører til ei tilfeldig rangering av landa.

– Ut frå Pisa sitt materiale kan eg få Danmark til å ligge som nummer to, men også heilt ned på 42. plass. Det hadde ikkje vore mogleg om testane hadde fungert slik Pisa seier at dei gjer, seier Kreiner til Politiken.

LES OGSÅ: SV lovar gratis skulemat

Ikkje kvalitetsmål
Pisa-undersøkinga har lenge lagt føringar for norsk skulepolitikk, skriv Utdanningsforbundet. Nestleiar Terje Skyvulstad meiner resultata vert tillagt for stor vekt.

– Resultata vert overtolka og lagt for stor vekt på. OECD har i nokon samanhengar sjølv bidrege til å framstille Pisa-resultata som eit mål på kvaliteten på ein nasjon sitt utdanningssystem. Og det stemmer ikkje, seier han på nettsidene til forbundet.

I andre samanhengar har OECD framheva avgrensingar ved undersøkinga. Dermed kan det sjå ut til at OECD ikkje heilt klarer å skilje mellom rolla som nøytral analyseinstans og internasjonalt konsulentbyrå, skriv Utdanningsforbundet.

Fleire svakheiter
Kreiner finn fleire svakheiter i Pisa. Mellom anna vert resultata frå alle nasjonane plassert på same skala. Det føreset eigentleg at ein klarer å lage verdi- og kulturnøytrale spørsmål, noko som er umogeleg ifølgje både Kreiner og Skyvulstad.

– All viktig kunnskap er relatert til omgjevnader, verdiar og kultur, seier sistnemnte.

Kreiner meiner til dømes at norske elevar vil ha betre føresetnader for å forstå ei oppgåve om vasskraft, medan danske elevar vil utmerke seg i oppgåver som handlar om vindkraft. Kor vanskeleg oppgåva vert, er då avhengig av kvar ein kjem frå.

LES OGSÅ: Når skulen støyter deg ut

– Testane kan ikkje samanliknast mellom land, seier Kreiner.

Ein annan svakheit finn Kreiner i måten elevar sine resultat i oppgåver dei ikkje har svart på vert utrekna. Elevar som berre skal testast i lesing, får til dømes utrekna eit gjennomsnitt i matte og naturfag basert på resultatet i norsk.

Avviser kritikken
Trass i at Kreiner si forsking er publisert i det anerkjende tidsskriftet Psychometrika, vert kritikken avvist av leiaren for Pisa i OECD, Andreas Schleicher. Han meiner Kreiner sin kritikk ikkje er vitskapeleg haldbar.

Også prosjektleiaren for Pisa i Noreg, Marit Kjærnsli, er kritisk til Kreiner sin konklusjon. Ho seier til BT at det viktigaste er at vi kan samanlikne oss med oss sjølv frå gong til gong.

LES OGSÅ: Forvirring i skolesekken