Gjermund Hagesæter (Frp) vil ikkje ha så mykje fokus på nynorsk. I partiprogrammet deira er ikkje ordet nemnt.

mm

Skal du lese deg opp på meiningane til Venstre, Frp og Miljøpartiet Dei Grøne, må du gjere dette på bokmål. Ingen av dei har ei nynorsk utgåve.

– Eg tykkjer ikkje me skal ha så mykje fokus på dette med nynorsk, seier stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter i Frp.   

Les Språkrådets rapport: Språkpolitikk og språkbruk i norske partiprogram 2013

Mållagsløve
Hagesæter er medlem av Løvebakken Mållag og meiner at nynorskbrukarar, som han sjølv, er språkmektige og difor godt kan lese programmet på bokmål.

Stortingsrepresentanten seier det er kostnadane som er hovudårsaka til at dei ikkje har programmet på nynorsk.

LES OGSÅ: Tungt lesestoff

Ideelt med nynorsk
I partiprogrammet til Venstre kan ein lese: «Vi må ta utfordringene knyttet til nynorsk som hovedmål på alvor, slik att elevene får et kvalitativt godt tilbud og en opplæring som gjør at nynorsk blir et reelt alternativ for de som ønsker det.»

Grunnen til at ein må lese dette på bokmål er manglande ressursar.

– Me har ikkje kapasiteten til å omsetje partiprogrammet til nynorsk, seier Kjartan Almenning i Venstre, og legg til at dei har ein nynorsk versjon av hovudbrosjyren.

– Hadde det vore ei ideell verd hadde me hatt partiprogrammet vårt på nynorsk óg, seier Almenning.

LES OGSÅ: – Mange ser på nynorsk som ei plage

Nynorskmiljø
Miljøpartiet Dei Grøne har i sitt valprogram fokus på at bokmål og nynorsk skal vere likestilte språk og å oppretthalde dei språklege rettigheitene me har i dag. Dei har likevel ikkje ein nynorsk versjon tilgjengeleg.

– Me vedtok i mai at me skulle ha ein nynorskversjon. Denne er noko forseinka, men skal vere klar i slutten av juli, forsikrar Harald Nissen, nasjonal talsmann i MDG.

Det er berre Raudt, Senterpartiet, SV og Miljøpartiet Dei Grøne som fullt ut støttar obligatorisk undervisning og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og i den vidaregåande skulen. Høgre og Frp har gått hardast ut for å fjerne obligatorisk sidemål. Høgre har likevel ein nynorsk versjon av partiprogrammet sitt. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE