Når skulen støyter deg ut

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svært mange innsette i norske fengsel har falle utanfor i skuleåra.

– Når skulen vert ein ekskluderande arena, kan konsekvensane bli alvorlege, åtvarar forskar Marie-Lisbet Amundsen.

Treivst ikkje på ungdomsskulen
Amundsen, som er dosent ved Institutt for pedagogikk på Høgskolen i Vestfold, har i ein studie undersøkt korleis 316 innsette i sju norske fengsel opplevde møtet med ungdomsskulen. Tala er klåre:

– Seks av ti hadde ikkje nokon vener på ungdomsskulen.

– Åtte av ti treivst ikkje på ungdomsskulen.

– Sju av ti syntest det teoretiske arbeidet var for vanskeleg.

 (Tala er frå 2011 og gjeld mannlege innsette)

Over halvparten av både kvinner og menn i norske fengsel har ikkje fullført vidaregåande skule.

– Desse tala er alvorlege. Vi veit at dei som ikkje fullfører vidaregåande skule står i fare for å falle utanfor arbeidslivet som vaksne, seier Amundsen.

LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong

Går ut over sjølvbiletet
Medan ein før kunne ta over garden, reise til sjøs eller lære å bli handtverkar ved å bli med far eller mor på jobb, må alle i dag gjennom skulen. Krava til dokumentert kompetanse i arbeidslivet er høgare enn før. Ifølgje Amundsen kan dette forsterke problemet for dei som fell utanfor.

– Mange kjem til kort og i eit forsøk på å meistre dei teoretiske krava misser mange trua på eigne evner og ressursar.

Det er ikkje berre innsette i fengsla som slit på skulen. Tre av ti i resten av befolkninga fullfører ikkje vidaregåande skule på normert tid. Talet er høgare enn i dei andre nordiske landa og har vore stabilt i årevis, også i kjølvatnet av Kunnskapsløftet og Reform 94.

– Talet går korkje opp eller ned, men ettersom krava til dokumentert kompetanse aukar, vert det verre å falle utanfor, seier sosiolog og NOVA-forskar Christer Hyggen.

Omlag 8,5 prosent av norske unge mellom 15 og 29 år er korkje i utdanning eller arbeid. Dette er lågare enn i nabolanda.

– Talet er av betyding, men det er viktig å hugse at mange av desse kjem tilbake til utdanning og arbeid på eit seinare tidspunkt, påpeikar Hyggen.

Livet blir for komplisert
Kven er det så som fell frå? Både norsk og internasjonal forsking syner at familiebakgrunn, som foreldra sitt utdanningsnivå, spelar inn. Kor godt elevane gjer det på ungdomsskulen, har også mykje å seie for om dei fullfører vidaregåande.

Gutar fullfører i mindre grad vidaregåande enn jenter, og elevar på yrkesfag i mindre grad enn elevar på studiespesialiserande fag. Noko av fråfallet kjem dessutan som følgje av organiseringa av skulen. Til dømes fell mange frå om dei ikkje får lærlingplass, eller ikkje trivst som lærling.

Dei som har høgast risiko for å hamne utanfor både utdanning og arbeid rett etter ungdomsskulen er ungdom frå lågare sosiale lag, innvandrarungdom, ungdommar med funksjonshemmingar og tidlegare spesialundervisningselevar.

Les meir i Forskningsrådet sin rapport.

Ein vond sirkel
Ungdomsåra er ei sårbar tid for mange.

– Avmakt og frustrasjon fører for nokon til angst og tilbaketrekning, medan andre reagerer med aggresjon og utagerande åtferd. Det kan fort bli ein vond sirkel for eit ungt menneske på leit etter eigen identitet. Når unge vert støtt ut frå den sosiale fellesskapen, søker dei seg mot andre utstøtte grupper i samfunnet. Ofte vil dette vere miljø prega av rus eller kriminalitet, forklarar Amundsen.

Hyggen er einig i at overgangen mellom barn og vaksen er avgjerande for mange.

– Å falle utanfor set arr. Nokre av arra ligg hos ungdommen sjølv, i form av psykiske arr. Andre er synlege for andre, til dømes arbeidsgjevarar, som kan lure på kvifor ungdommen har hol i CV-en, seier Hyggen.

LES OGSÅ: Hjelper straffa kvinner tilbake

– Skulen har svikta
Ifølgje Opplæringslova skal eleven utvikle kunnskap, ferdigheiter og haldningar for å meistre eigne liv i skulen. Amundsen meiner skulen ikkje er god nok på å inkludere og legge til rette for dei som fell utanfor.

– At mange av dei som soner i norske fengsel har falle utanfor utdanningssystemet tyder på at skulen sviktar, seier ho.

Amundsen trur ikkje den teoretisk forankra skulen, med vekt på gruppearbeid og teori, passar for alle. Difor meiner ho delar av løysinga er å byggje alternative skular.

– Vi lærer ulikt. Dei som ønskjer det må kunne velje ein skule som er praktisk orientert, legg vekt på fysisk aktivitet, har kortare undervisningsøkter og bruker visuelle hjelpemidlar i større grad. Men alternativa må vere likeverdige med dei vanlege skulane, seier ho.

Ny giv
Ny GIV er regjeringa si satsing mot fråfallet i skulen. Ved hjelp av ei rekkje tiltak, frå intensivopplæring til formidling av sommarjobbar, skal det treårige prosjektet motverke at ungdom fell frå. I arbeid med å evaluere prosjektet har Hyggen treft nokre konklusjonar.

– For det første er det viktig å gripe inn tidleg dersom nokon er i ferd med å falle ut. For det må tiltaka vere tilpassa til den særskilte situasjonen. For det tredje, dersom situasjonen tilseier det, må tverrgåande samarbeid til. Skulen, familie, og eventuelt Nav, helse- eller psykiatritenester må arbeide saman.

– Til sist er tett oppfølging svært viktig. I mange suksesshistorier om ungdom som kjem seg tilbake på skulebenken eller i arbeid, har dei hatt ein viktig støttespelar ved si side.

LES MEIR: – Ta kvinnelege kriminelle på alvor