Fryktar smørkrise kan verte kjøttkrise
For å hindre smørkrise får bøndene betre betalt for feit mjølk, noko som gjer at fleire satsar på Jerseykyr.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå smørkrise til kjøttkrise
Dette gjer at bransjen fryktar ei kjøttkrise. Norske bønder får no betre betalt for høgare feittprosent i mjølka dei leverar til Tine, noko som gjer at stadig fleire vel å legge om til Jerseykyr. Storfenæringa fryktar aukande mangel på storfekjøtt, ifylgje Nationen.
— Om det blir ei storstilt omlegging til Jerseykyr, så er det dårleg nytt både for kjøttetarar og for kjøttbransjen. Konsekvensen vil bli mindre norsk storfekjøtt og høgare slaktekostnader. Smørforsyninga må løysast på ein annan måte enn å flytte problema over til kjøttproduksjonen, seier administrerande direktør Bjørn-Ole Juul-Hansen i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) til avisa.
LES OGSÅ: Biff like ille som bil
Feit og proteinrik
Jerseykyra kjem opphavleg frå øya Jersey i den engelske kanal. I dag er Jerseyfe den nest største mjølkerasen i verda, etter Holsteinfe. Jerseykyr er kjent for å gje mjølk med høgt innhald av feitt og protein, ifylgje nettsidene til raselaget Norsk Jersey.
I Noreg i dag er langt storparten av mjølkekyrne av blandingsrasa Norsk raudt fe (NRF).
Bjørn-Ole Juul-Hansen meiner slaktevekta til Jerseykyrene vil vera 60 til 100 kilo mindre enn for NRF-kyr.
— Viss mange bytter ut NRF-kyrne med jerseykyr, så kan det bli ein nedgang i kjøttproduksjonen på 12.000 til 15.000 tonn. Og er det noko vi har for lite av i dag, så er det storfekjøtt, seier Juul-Hansen.
QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?
Ikkje uroa
Nils T. Bjørke, som er leiar i Norges Bondelag, delar ikkje bekymringa over mangel på storfekjøtt.
— Nei, førebels er ikkje omlegginga til Jersey så stor, og kryssing med kjøttfe vil hjelpe slik at kjøttproduksjonen ikkje går mykje ned. Hovuddelen av kyrne bør derimot halde fram med å vere NRF, som er gode kombinasjonskyr. Tine gjer rett i å prise feitt så høgt for å få nok smør, men bønder som vurderer omlegging bør tenke over at feittbetalinga kan bli moderert på sikt, seier Bjørke til Nationen.
LES OGSÅ: Vil ha høva tilbake på menyen