– Viktig å tenkja som region

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I vår region vil kniving hindra utvikling. Det handlar om å gi og ta, sa ministeren då ho vitja Årdal i Sogn og Fjordane onsdag.

Styrkja kvarandre
Navarsete var full av lovord om korleis kommunane i Indre Sogn greidde å einast om ein felles skulebruksplan for den vidaregåande skulen.

– Men eg tykkjer det er synd for regionen at ein ikkje kan einaste om eit felles lokalmedisinsk senter. Sogn består av små kommunar, og ein må forstå at om ein styrkjer kvarandre, så styrkjer ein samstundes seg sjølv. Ikkje berre når det gjeld helse, men også andre sektorar, sa ho.

LES OGSÅ: – Må søkje seg til utkantane

Kompetanse
Kommunalministeren drog mellom anna fram Stjørdal i Nord-Trøndelag som eit godt døme på korleis ting kan gjerast.

– Stjørdal er ein kommune som er flink til å leggja tenester til nabokommunane. Sånn byggjer ein ein sterk region, der alle vil få vekst. Det er vanskeleg å skaffa god kompetanse til å drifta ein til to sengepostar. Når me har så små kommunar som me har i vår region, så er det vanskeleg å ha kompetanse på alle område i kvar kommune, sa Navarsete.

Les saka i Sogn Avis!