– Må søkje seg til utkantane

Medan bedrifter i ytre strøk treng fleire lærlingar, manglar fleire hundre personar framleis lærlingplass.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må søkje seg til utkantane

Institusjonar og bedrifter i ytre strøk slit med å få tak i nok lærlingar. Samstundes manglar fleire hundre personar framleis lærlingplass.

Å få lærlingar til utkantar er særleg eit problem innan helsefag, barne- og ungdomsarbeid og i tømrarfaget.

LES OGSÅ: Farlegare å bu i distrikta

Lærlingane vil nemleg bu og vere lærlingar i byane og i dei større tettstadene. Samstundes som det manglar lærlingar i ytre strøk, blir det jobba hardt med å skaffe lærlingplassar til dei over 500 som framleis ikkje har fått plass.

– Det er ikkje alle som kan vere i byane og i dei tettbygde strøka. Kanskje nokon må ut for å få nettopp det fagbrevet dei ønskjer seg, seier Venke Sandvik, konsulent ved utdanningsavdelinga i Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, til NRK.

– Eg er heilt sikker på at det er minst like gode lærlingplassar ute i distrikta, legg ho til.

LES OGSÅ: – 130. 000 har fått kols på jobb