Fryktar avisdød

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre og Frp foreslår i dei alternative statsbudsjetta sine å kutte høvesvis 100 og 180 millionar kroner i produksjonstilskotet til avisene.

– Høgres kuttforslag vil i praksis seie at 50– 70 norske aviser hamnar i faresonen, ein tredel av avisfloraen, seier Tajik til Vårt Land.

LES OGSÅ: Svolt rokkar din politiske ståstad

Dei såkalla riksdekkjande meiningsberande avisene og nummer to-avisene er særleg utsette, ifølgje statsråden.

– Desse avisene har allereie ein pressa økonomi, og dei må då kutte i bemanninga. Det er heilt feil veg å gå om ein ønskjer meiningsmangfald, seier ho.

Klassekampen-redaktør Bjørgulv Braanen er klar på kva han meiner om kuttforslaget til dei borgarlege.

– Det ville vore ein torpedo midtskips og bety kroken på døra for oss, seier han.

Han meiner kutta Høgre foreslår i det alternative statsbudsjettet sitt vil vere dramatiske for alle dei riksdekkjande meiningsberande avisene.

– Kutta vil hovudsakleg ramme desse, ettersom både Høgre og Frp ønskjer å skjerme lokalavisene, seier Braanen til Vårt Land.

LES OGSÅ: Vil gje klem til sjukepleiarane