– 130.000 har fått kols på jobb

Kring ein tredel av dei nesten 400 000 som er ramma av lungesjukdommen kols er blitt sjuke av ting dei er utsette for på jobb.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støv, gass, damp, røyk og partiklar frå kjemikaliar og andre stoff gir større helseskade i form av kols enn forskarane til no har trudd. I dag er over 130.000 nordmenn ramma av såkalla yrkesrelatert kols, basert på tal frå Hordalandsundersøkinga, skriv Dagsavisen.

Ikkje berre er dette omfanget langt større enn forskarane har trudd – utbreiinga av kols aukar også mykje raskare enn venta.

LES OGSÅ: Datamaskin til frukost

– Vi har alltid forklart kols med røyking, og det er framleis den viktigaste årsaka til kols. Men vi ser no at stadig fleire greiner av yrkeslivet har belastningar som har stor betyding for utvikling av kols – og ei mykje større betydning enn vi lenge har trudd, seier Olav Kåre Refvem, lungespesialist og tidlegare leiar av Nasjonalt Kolsråd.

Han meiner det no er behov for ei mykje breiare merksemd rundt yrkesrelatert kols. At smelteverk, metallindustri, gruve- og tunnelarbeid har vore utsett, har vore kjent ei stund. Også i asfaltbransjen har erkjenninga av samanhengen mellom skadelege avgassar og kols vore eit heitt tema.

LES OGSÅ: Satsar på helsa til borna

Men også yrke som frisør, bakar, reinhaldar og bonde viser seg å innebere auka risiko for kols. Arbeidstilsynet oppdagar årleg mellom 2.000 og 3.000 nye tilfelle av arbeidsrelatert kols. Samtidig døyr rundt 200 personar kvart år av det same. Det er fire til fem gonger så mange som døyr i arbeidsulykker.