Vil klemme sjukepleiarane

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støre skryt av sjukepleiarane

Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner sjukepleiarane fortener ein klem for jobben dei gjer, men han vil ikkje svare på om dei bør jobbe oftare enn kvar tredje helg.

– Eg har ikkje tenkt å svare verken ja eller nei på det spørsmålet. Men det må vere kompetent personell på jobb på sjukehusa også i helgane, seier Støre til NTB.

Helseministeren gjorde sjukepleiarane sinte etter VG-oppslaget torsdag der han svarte «nei» på spørsmålet «Er det ein menneskerett å ikkje jobbe oftare enn kvar tredje helg?» og ei forside som fortalte at han går «i strupen på sjukepleiarane».

– Med den framsida så forstår eg at dei reagerer. Eg har ikkje noko ønske om å gå i strupen på sjukepleiarane. Dei fortener heller ein klem for den flotte jobben dei gjer, seier Støre.

LES OGSÅ: Vil ha full røykjestopp

Bodskapen står
Men reint bortsett frå at han hevdar å ikkje ha sagt «ingen menneskerett å jobbe berre kvar tredje helg», eller «ingen menneskerett å ha fri to av tre helgar», seier Støre at han står ved sjølve innhaldet i VG-intervjuet.

– Saka er at vi har ei stor utfordring på norske sjukehus med å dekkje opp bemanning 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, 365 dagar i året. Den kabalen må gå opp. Nokre sjukehus finn ordningar på dette, andre strevar. For meg er det viktig at omsynet til pasienten kjem først, og at ein på det enkelte sjukehus finn løysingar som er innanfor tariffavtalar og rammene i arbeidsmiljølova.

LES OGSÅ: Biff like ille som bil

– Så til sjølve kjernen; meiner du at norske sjukepleiarar bør jobbe oftare enn kvar tredje helg?

– Det er ein type lurespørsmål eg ikkje har tenkt å svare ja eller nei på. Eg vil ikkje gå inn på det, for det handlar om roller. Samtidig må eg få påpeike at Fagforbundet har forhandla fram avtalar der det vert jobba oftare enn kvar tredje helg, seier Støre.

– Trakka på
Forbundsleiar Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund lét seg ikkje umiddelbart mildne av Støres forsøksvise nedtoning av VG-oppslaget.

– Medlemmene våre opplever det som direkte frekt at Støre seier vi må utøve større fleksibilitet. Sjukepleiarane treng ikkje større belastningar. Vi strekkjer oss langt i belastande turnusordningar, og opplevinga landet rundt er at Støre trakkar på oss, sa ho i debatt med Støre på Dagsnytt 18 torsdag kveld.

Annleis
Støre understrekar at det ikkje er snakk om å jobbe meir, men annleis.

– Eg har sagt at det pålegg leiing og tilsette å finne ein måte å fordele arbeidet gjennom året, slik at kabalen går opp. Det er ikkje snakk om å jobbe fleire timar, men det kan vere behov for å jobbe på nye måtar. Så skal ikkje eg ta stilling til kor mange helgar det er gjennom året. Her må løysingane finnast på sjukehusa, seier Støre til NTB.

At grunnbemanninga skal aukast og at det er eit mål om å få fleire heiltidsstillingar, er også ein del av biletet.

LES OGSÅ: Farlegare å bu i distrikta