Den menneskelege hjernen held fram med å vere eit mysterium for forskarane. I 2004 vart vi hakket klokare, då mennesket si arvemasse, eller det humane genom, vart avkoda. Avkodinga gjorde det mogleg å forstå kva for byggeklossar vi består av. Men arbeidet stogga ikkje der, skriv Videnskap.dk.

I dag strever forskarane med å forstå korleis forbindelsane i hjernen heng saman. Målet er å skape eit detaljert kart over nervesystemet i hjernen. Ifølgje Videnskap.dk kan kartet samanliknast med ein atlas over hjernens motorvegar, landevegar og sidegater.

The Human Connectome Project har som mål å lage ei større samling enn nokon gong av nevrologiske data og eit verkty for å navigere i datamaterialet. Det vil ifølgje prosjektet sine nettsider opne for heilt nye og unike innsiktar i hjernen.

Morten Mørup, lektor ved seksjon for kognitive system, DTU Informatik, arbeider med å lage ein generell modell for korleis forbindelsane i hjernen ser ut hos ein sunn person. Her kan du høyre meir om forskinga hans.

LES OGSÅ: Fornufta forsvinn på nett

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE