«MeToo», «dåsebajer» og «listepik» er blant dei nye danske orda
Aktuelle uttrykk frå nyheitene og nye slangord er blitt ein del av ordboka.

Veit du kva ein «listepik» er? Kva med ein «dåsebajer»?
Den Danske Ordbog har teke inn 351 nye danske ord, skriv Politiken.
I tillegg har ordboka fått 21 nye faste uttrykk, og definisjonen til 22 eksisterande ord blir endra.
«Listepik» er eitt av dei orda. Frå før tydde det ein utru mann, men no kan det også bety ein mann som gjennomfører ei sovevaldtekt, ifølgje avisa. «Dåsebajer», om du lurte, er rett og slett boksøl.
Andre ord er meir dagsaktuelle. «Apartheidstat» har blitt brukt mykje i omtale av Israel-Palestina-konflikten dei siste åra, og er inne i ordboka. Det same er «ægreserve», altså kor mange eggceller ei kvinne har att i eggstokkane sine, som blir brukt om fertilitet.
«Klimabistand», «deepfake» og «OMG» er også på lista.
– Dei teiknar eit portrett av samtida, dokumenterer det danske språket si utvikling, og gir ordbokas brukarar betre føresetnader for å forså aktuelle emne og den språkbruken som knyter seg til dei, seier Lars Trap-Jensen, seniorredaktør ved Det Danske Sprog- og Litteraturselskab til avisa.
Ordboka i Danmark blir oppdatert to gongar i året.
Nokre av dei nye danske orda
- Deepfake
- OMG
- Syv-syv-ordning
- Trepart
- MeToo
- Fintune
- Apartheidstat
- Dåsebajer
- Icebreaker
- Inshallah
- Klimabistand
- Misogyn
- Ægreserve
Kjelde: Berlingske