«Den pubertale trusselen mot nynorsk»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit blogginnlegg på forskning.no peiker språkforskar Øyvind A. Vangsnes på det han meiner er mobbing av nynorsk på sosiale medium og elles i samfunnet.

«Kor kult er det å heile tida høyra at språket ditt er noko drit? At det er meiningslaust og ikkje har nokon verdi?»skriv Vangsnes i blogginnlegget. Han held for tida på med ei bok om språkleg toleranse i Noreg.

LES OGSÅ: Lever lenger i nynorskland

Nynorskhatet
Han peikar på at grunnen til at mange ungdommar skiftar frå nynorsk til bokmål kan vere at dei ikkje vil skilje seg ut frå majoriteten. Målbyte er vanlegast på Austlandet og rundt dei store byane på Vestlandet.

Vangsnes meiner at politikarar i mellom anna Høgre og FrP nærast legitimerer nynorskhatet.

Høgre vil fjerne obligatorisk eksamen i sidemål, som for dei fleste elevar i Noreg betyr nynorsk.

På nettsidene til Unge Høgre står følgjande: «I realiteten vil så godt som ingen bruke sidemålet sitt etter videregående. Da blir det for dumt at man gjennom hele ungdomsskolen og videregående skal bruke tid på å undervise i sidemålet.»Ungdomspartiet meiner at det er dårleg prioritering at elevane skal lære to versjonar av same språk.

Arne Hjeltnes er mellom dei nynorskbrukande Høgrepolitikarane, som er ueinig i partiets språkpolitikk.

LES OGSÅ: – Forslaget til ny læreplan vil svekkje sidemålet

Hets i klasserommet
Språkforskar Vangsnes trur slett ikkje at det å fjerna obligatorisk sidemål og å fjerne Mållova om målbruk i offentleg teneste vil føre til meir språkleg toleranse.

Nyleg vart dei reviderte læreplanane i norsk offentleggjort. Her vart det klart at sidemålskarakteren ikkje vert fjerna i tiandeklasse, men at skular kan slå saman karakterane i åttande- og niandeklasse, som ei prøveordning. Nytt er det òg at elevane skal byrje å lese nynorsk tidlegare.

«Hets av minoritetsspråket vårt nynorsk er så vanlig at vi ikke engang reagerer. Noe av forklaringen ligger på skolen. (…) I motsetning til andre fag, har det vært ansett som helt greit at norsklærere formidler sine antipatier mot nynorsk i klasserommene,»skriv Frøy Gudbrandsen i ein kronikk i BT.no.

LES OGSÅ: Jublar for eigen karakter i sidemål

Brente nynorskordlista
Leiar i Norsk Målungdom Vebjørn Sture peikar på at retorikken til partia som er negative til sidemålsopplæring har vorte vesentleg mildare dei ti siste åra.

– I si tid brente ein stortingskandidat frå Høgre i Hordaland nynorskordlista, det er noko som hadde vore nær utenkjeleg i dag, peikar Sture på.

Han tykkjer at sjølv om partia har vorte meir tolerante, gjer dei lite for at fleire skal verte det. Han peikar på at mykje av intoleransen kjem av uvisse og avstand:

– Det er lett å snakke nedsetjande om fenomen og folk ein ikkje veit noko om eller har nokon relasjon til. Ofte handlar frustrasjonen meir om kvaliteten på sidemålsopplæringa enn om språket i seg sjølv.

LES OGSÅ:  – Bryt med norsk språkpolitikk

– Som å bade i drit

Leiaren i Målungdommen har sett og registrert dei negative kommentarane om nynorsk, som florerer på internett, særleg rundt tentamenstider.

– Då er det å lese om nynorsk på Twitter som å bade i ein sjø av dritt, meiner Sture.

Han trur likevel ikkje at denne intoleransen stikk særleg djupt.

– Men det er ein gong slik at nynorskbrukarane er i mindretal, og det å vere i mindretal krev bevisstheit. Det er til dømes ingen som kjem ut av skapet som heterofile, seier Sture.