Vil ha ny debatt om privatskulane
18 millionar kroner: Det er summen Akademiet-skolene og Bergen Private Gymnas må betale attende til Utdanningsdirektoratet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny privatskuledebatt
Det melder direktoratet på sine vevsider. Pengane er statstøtte som Utdanningsdirektoratet vil ha betalt attende etter at dei har ført tilsyn med skulane sine rekneskap. Direktoratet hevdar statsstøtte har gått til skuleeigarane, gjennom internhandel og overfakturering.
Alvorlege lovbrot
På vevsidene hevdar direktoratet at skulane har drive med «omfattande internhandel og alvorlege lovbrot».
Blant verstingane er Bergen Private Gymnas og Akademiet Bergen. Ifølgje direktoratet har dei begge betalt 80 prosent over marknadspris for leige av lokale, og høvesvis 70 og 55 prosent over marknadspris for å leige inn dagleg leiar. Pengane skulane har betalt har gått rett inn i skuleeigarane sine selskap.
På det viset går pengar direktoratet hevdar skulle ha gått til elevane, til skuleeigarane i staden.
Alle skulene har no fått varsel om å måtte betale attende til saman 18,5 millionar, fordelt på sju ulike skular, og å endre praksis.
Ny debatt om privatskulane?
Leiar i Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, meiner at avsløringa må føre til ein ny debatt om privatskulane. Det kjem fram i ei pressemelding utsendt av partiet.
Han meiner det er ein illusjon å tru at ikkje store summar kan bli ført ut av skulen som utbytte, om Høgre, Frp og Venstre gjennomfører sitt planlagt frislepp av privatskuler. Utbytte på utdanning meiner han er sløsing med pengane til skattebetalarane.
Eit viktig poeng for Lysbakken er at eit frislepp på privatskular vil gjere det enno vanskelegare å vite om statsstøtta kjem elevane til gode.
– Det syner seg at det allereie er vanskeleg å kontrollere med dei få privatskulane vi har i dag, avsluttar han.