– Unge har liten stayerevne

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein tendens at ungdommar har liten stayerevne, og at framifrå unge politikarar trekkjer seg når familiesituasjonen endrar seg, seier professor Frank Aarebrot til Framtida.no. Han peikar på politikarar som Ketil Solvik-Olsen, Ola Borten Moe og Knut Arild Hareide, som høvesvis har takka nei til attval til Stortinget og er i tvil om eigen regjeringsdeltaking.

– Ein treng kontinuitet, og det er mykje læring i politikken. Det er fornuftig at 18-åringar ikkje er overrepresentert på Stortinget, dersom dei trekkjer seg når dei giftar seg og får barn, held Aarebrot fram.

Ifølgje ei oversikt frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner viser at berre 14 listekandidatar under 30 år har gode sjansar for å bli valt inn på Stortinget til hausten, av totalt 169 stortingsplassar. Talet på unge representantar på Stortinget vil dermed bli berre 8,3 prosent, medan aldersgruppa 18-29 år utgjer om lag 15,5 prosent av den norske folkesetnaden.

LES SAKA: – Dei borgarlege partia sviktar dei unge

Tullekomitear
Aarebrot meiner også innverknaden til partia i stortingskomiteane kan påverkast.

– Vert ein valt inn som uetablert 18-åring, påverkar dette kva komiteverv ein får, seier Aarebrot. Og peikar på at det kan vera problematisk for eit parti å byte ut ein etablert politikar i ein viktig komité, til fordel for ein ungdom. Representantane som sete lenge får oftast velje komité fyrst.

– Dei som har sete lengst, hamnar gjerne i viktige komitear som nærings- eller utanriks- og forsvarskomiteen. Ferske representantar hamnar gjerne i tullekomitear som fiskeri- eller kulturkomiteen, og det er ein del slike tullekomitear på Stortinget, seier Aarebrot.

LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar

Treng utskifting
Frp-politikar Mette Hanekamhaug (25) har vore den yngste stortingsrepresentanten i inneverande periode, og satsar sjølv på attval om veljarane i Møre og Romsdal ynskjer det. Ho reagerar på Aarebrots utsegn, og meiner det er heilt feil at stortingsrepresentantar må sitje to, tre, fire eller fem periodar.

– Ei viss utskifting er både naudsynt og sundt, seier ho til Framtida.no. 

– Valet om å ta attval eller ikkje må vera opp til kvar einskild. Så er det heller ikkje slik at alle sluttar når dei får barn, det er døme på begge delar.

LES OGSÅ: Kven skal snakka unge si sak?

Oppkonstruert konflikt
Hanekamhaug kjenner seg heller ikkje att i Aarebrots skildring av tildelinga av komiteverv. Ho peikar på ein prosess i eige parti der alle representantane får kome med ynskje, og der fleire faktorar spelar inn i den endelege fordelinga, som kjønn og alder.

– Eg sit i utdanningskomieteen, som eg meiner er ein veldig viktig komité. Utdanning og forsking er jo avgjerande for verdiskapinga. Helsekomiteen er rekna for å vera ein tung komité, men helsevesenet er jo avhengige av at det vert utdanna gode legar og anna helsepersonell.

Ho meiner media og utanforståande oppkonstruerar ei alderskonflikt mellom politikarar. 

– På Stortinget er vi 169 likeverdige representantar. Vi har stor respekt for kvarandre, for vi veit kor mykje som kravst for å verte valt og av vervet. At det er fokus på ein slik falsk problematikk tykkjer eg er trist.

LES OGSÅ: Demokrati-kritikk mot ny læreplan

Merkeleg utspel
Stian Seland, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), karakteriserer synspunkta til Aarebrot som merkelege.

– Ein skulle tru at ein professor i samfunnsvitskap ynskjer så representative organ som mogeleg. I dag er ungdom til dei grader underrepresentert på Stortinget, og mykje tyder på at vi kjem til å vera det også etter haustens val, seier han til Framtida.no.

Også han peikar på at politikarar har valt å halde fram i rikspolitikken etter at dei har fått barn, og trekkjer fram Helga Pedersen, Audun Lysbakken og Trygve Slagsvold Veum som døme. Samstundes peikar han på høve til å gå ut av politikken ei periode og så kome attende, og at det ikkje er naudsynt å ha ei heil yrkeskarriere som politikar for å ha innverknad.

– Ungdom er ekspertar på eige liv, og vi må ha eit Storting som speglar heile befolkninga, avsluttar Stian Seland.

Gjer det noko om det ikkje er fleire unge representantar på Stortinget?

Faktaboks

Unge blir underrepresentert på Stortinget
• Berre sju personar under 30 år er nominert på førsteplassen av i alt 133 lister. Dette tyder at talet på unge kandidatar blant listetoppane berre er 5,26 prosent.
• Berre 14 listekandidatar under 30 år har gode sjansar for å bli valt inn på Stortinget til hausten, av totalt 169 stortingsplassar. Talet på unge representantar på Stortinget vil dermed bli berre 8,3 prosent, medan aldersgruppa 18-29 år utgjer om lag 15,5 prosent av den norske folkesetnaden.

Kjelde: LNU