Jenter flest vil merke lite til kjønnsnøytral verneplikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møterommet til utanrikskomiteen summa fredag av glade raud-grøne forsvarspolitikarar, ungdomspolitikarar og unge tillitsvalde frå Vernepliktsrådet, som alle ville feire at eit breitt fleirtal på Stortinget same dagen gjekk inn for framlegget frå regjeringa om å innføre verneplikt for kvinner.

To statsrådar – forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) – tok seg også tid til å delta i markeringa.

– Dette er ein stor dag, og det er ein historisk dag. Det er viktig for Forsvaret og for at kvinner verkeleg kan få påverke Forsvaret, sa Strøm-Erichsen.

– Eg er stolt av at Noreg er det første landet som innfører kjønnsnøytral verneplikt, og eg trur at fleire land kjem til å følgje etter, sa Eide.

Ingen tvang
I 2010 vart det innført obligatorisk sesjon også for jenter, men Laila Gustavsen, representant for Ap i forsvars- og utanrikskomiteen, seier at tiltaket ikkje har vore nok for å auke jentedelen. I dag er rundt 10 prosent av dei som gjennomfører førstegongstenesta, kvinner. Regjeringa har som mål å auke kvinnedelen til 20 prosent innan 2020.

Forsvarsdepartementet reknar med at det første kullet kvinner med verneplikt kan rullerast inn i 2015. Det vil seie at dei jentene som er 17 år i dag, er dei første som kan bli møtt med den nye plikta. Lovendringa kjem likevel få lite praktisk å seie for jenter flest. Av ungdomskulla på 60.000 i åra framover har Forsvaret rekna ut at dei berre kjem til å trenge 9.000 i førstegongsteneste. Det betyr at det berre er dei motiverte – både blant gutar og jenter – som blir kalla inn.

– Med lovendringa kan Forsvaret påleggje ei kvinne å gjennomføre vernepliktstenesta, men i realiteten er det ingen som kjem inn i Forsvaret utan å vere motiverte, seier Gustavsen til NTB.

– Eg får ofte spørsmålet: Skal de tvinge alle jenter inn i militæret? Men dette handlar ikkje om å tvinge nokon inn i militæret, dette handler om å kunne velje blant dei beste og mest motiverte, og da må også jentene vere ein del av dette, sa leiaren i Senterungdommen, Sandra Borch, under markeringa.

LES OGSÅ: Jublar for verneplikt for kvinner

Risiko med jenter
Vernepliktsrådet, som arbeider for å auke statusen på verneplikta, trur likevel at endringa er meir enn berre teoretisk.

I dag tar ikkje Forsvaret sjansen på å ta inn andre jenter enn dei som seier at dei er topp motiverte, fortel Eirik Natlandsmyr, landstillitsvald i Vernepliktsrådet.

– Ei kvinne som i dag seier på sesjon at ho er middels interessert, kanskje fordi ho ikkje er heilt klar over alle moglegheitene Forsvaret kan gi, eller fordi ho er usikker på om Forsvaret er noko for jenter, ho er det lite truleg at Forsvaret kallar inn til førstegongsteneste. Ein gut som seier at han er middels interessert derimot, får gjerne innkalling uansett, for der risikerer ikkje Forsvaret at han trekkjer seg, fortel Natlandsmyr.

Han fortel at det er eit problem for Forsvaret at ein stor del av jentene trekkjer seg mellom sesjon og innrullering, og også langt ut i tenesta. Med lovendringa blir det ikkje lenger få lov til det, og Forsvaret kan vere tryggare når dei vel å kalle inn fleire jenter.

LES OGSÅ: Kvinner blir mobba ut av Forsvaret

Betre stemning
Grenader Hege Solberg, også landstillitsvald i Vernepliktsrådet, var éin av berre fire jenter i ein tropp på 50 da ho avtente førstegongstenesta i fjor. Ho oppmodar på det sterkaste jenter til å ta eit år i Forsvaret.

– Du vil få eit ugløymeleg år, der du får utfordra deg sjølv og får oppleve eit heilt unikt samhald, fortel ho. Ho seier at jentene også gjer Forsvaret betre.

– Befalet er heilt klare på at det er ei mykje betre stemning i dei troppane som har jenter, fortel ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Saman på Setermoen

Faktaboks

Kjønnsnøytral verneplikt

I behandlinga av kompetansemeldinga for Forsvaret vedtok Stortinget fredag å innføre kjønnsnøytral verneplikt.

Alle partia, bortsett frå Kristeleg Folkeparti (KrF), støtta forslaget.

Kjønnsnøytral verneplikt vart ei vinnarsak på landsmøte etter landsmøte denne våren, med Sosialistisk Venstreparti (SV) som første parti ut og Framstegspartiet (Frp) som det siste.

Forsvarsdepartementet har byrja arbeidet med å endre §3 i vernepliktslova til ein kjønnsnøytral lov. I dag seier paragrafen at «norsk mannlig statsborger er etter utskriving vernepliktige fra 1. januar i det år han fyller 19 år til utgangen av det år han fyller 44 år».

2015 blir truleg det første året med kvinnelege vernepliktige.  

Av ungdomskull på 60.000 gjennomfører i dag rundt 10.000 førstegongstenesta. Ti prosent av desse er i dag kvinner.

Regjeringa har som mål å auke kvinnedelen til 20 prosent innan 2020.

Noreg blir det første landet i moderne tid som innfører kjønnsnøytral verneplikt. (Kjelder: Forsvarsdepartementet, Aftenposten) (©NPK)