Meir tilfreds med offentlege tenester

Desse offentlege tenestene er innbyggjarane mest nøgde med.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest nøgde med desse tenestene

96 prosent av innbyggjarane er nøgde med å leva og bu i Noreg, og det er små skilnader mellom ulike dela av landet. Dette går fram av Innbyggarundersøkinga 2013 som vart offentleggjort i dag.

Mest nøgd er brukarane med folkebiblioteka, høgskulane og Lånekassa. Mest framgang har politiet, Statens vegvesen, Tollvesenet og NAV.  Brukarane er òg svært nøgde med folkebiblioteket, barnehagen, Den norske kyrkja og fastlegen.

Innbyggjarane meiner dei får meir kvalitet for skattepengane i dag enn i 2010. Brukarane av offentlege tenester er jamt over meir nøgt med tenestene dei brukar, enn innbyggjarar som ikkje har røynsle med tenestene. Dette gjeld blant anna sjukehusa og NAV.

Bruker lang tid og vanskeleg språk
Undersøkinga viser at innbyggarane meiner at det offentlege tilbyr tenester av god kvalitet, følgjer lovar og reglar og tilbyr innbyggjarane stor valfridom. Samstundes meiner innbyggjarane at det offentlege bruker lang tid på å handsama saker og søknader, at ressursane kan brukast meir effektivt, at skjema er lite forståelege og vanskelege å fylle ut og at det offentlege kan bli betre på klarspråk.

– Undersøkinga er viktig for vidare forbetringsarbeid. Han avdekker òg dei viktigaste drivarane for økt tilfredsheit, ein får kunnskap om kva for tiltak som aukar tilfredsheita og kva for som ikkje gjer det. På denne måten kan ein styra unna unødig ressursbruk på tiltak som viser seg ikkje å ha effekt, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud.