– Festivalar skaper stoltheit
Bygdefestivalar skaper stoltheit og knyter ungdom nærmare lokalsamfunnet sitt. Men då må festivalane spela på lag med lokale krefter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskar Ingebjørg Vestrum på Nordlandsforsking har studert utviklinga av festivalar i norske bygdesamfunn. Ho seier at små bygdefestivalar har meir å seia for den lokale identiteten enn dei større kommersielle festivalane.
– Det er viktig at initiativtakarane spelar på lag med lokale krefter og ikkje berre hentar inn musikarar utanfrå for å spele konsertar, seier Vestrum til Forskning.no.
LES OGSÅ: Festivalar for alle
Ho meiner at suksessen bør målast i andre verdiar enn publikumstilstrøyming, til dømes samhald, auka kunnskap, kultur for å skape, turisme og auka handel. Tidlegare forskning har vist at festivalar på bygda ofte er meir lønsame enn i byane.
Vestrum tilrår kommunane å engasjera seg i festivalane, og at nye aktivitetar blir kopla med dei som allereie er der for å skapa lokalt engasjement.
Ingen veit kor mange festivalar det er i landet, men truleg er det godt over 1000.