Usamde om faren ved oppdrettslaks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

VG skreiv måndag at fleire legar og forskarar åtvarar mot å la særleg barn og gravide ete oppdrettslaks.

Fôret som laksen får i oppdrettsanlegga, inneheld ikkje-nedbrytbare organiske miljøgifter som har negativ effekt på hjerneutvikling og andre organsystem i kroppen som immunforsvar og stoffskifte, seier fleire forskarar til avisa.

Faggruppeleiar Janneche Skåre i Vitskapskomiteen for mattryggleik, som utarbeider risikovurderingar for Mattilsynet, meiner det ikkje er grunn til uro.

– Det er viktig å ikkje sjå seg blind på kva ein får i seg ved å ete laks. Ein må også sjå på kva ein går glipp av ved å ikkje ete fisk, seier Skåre.

Ikkje farleg
Komiteen laga alt for sju år sidan ein rapport der det vart slått fast at det var miljøgifter i oppdrettslaks, men at det ikkje var grunn til å rå nokon frå å ete rimelege mengder oppdrettslaks.

– Dei siste 20 åra har vi registrert ein nedgang på mellom 70 og 90 prosent i førekomsten av desse stoffa hjå menneske. PCB og dioksinar blir lagra i marint feitt, og bruken av vegetabilsk feitt og protein i fiskefôret har redusert mengda av desse giftstoffa i fôret, seier Skåre til NTB.

Mattilsynet bekreftar haldninga til Vitskapskomiteen.

– Grenseverdiane for miljøgifter er sett for at folk skal tåle det dei et. Både laksen, fôret han et og ingrediensane i fôret er innanfor desse verdiane, understrekar seniorrådgjevar Lise Torkildsen i seksjon for fisk og sjømat overfor NTB.

Krev svar
Den næringspolitiske talsmannen i Høgre, Svein Flåtten, ber uansett fiskeriministeren svare for seg i Stortinget.

– Eg vil vite kva ho kan gjere for å forsikre norske forbrukarar og omverda om at norsk oppdrettslaks er eit sunt og reint produkt. Det er det vi har fått høyre frå forskarane i ei årrekkje, seier Flåtten til NTB.

Han sende måndag eit skriftleg spørsmål til statsråden om saka.

– Like bra som villfisk
Dei kosthaldsråda som styresmaktene gir i dag når det gjeld oppdrettsfisk, er gode nok, svarar fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap).

– Eg har vore klar over at all fisk inneheld framandstoff. Men i så måte er oppdrettslaks og villfisk lik. Alle faglege råd går på at vi skal ete meir fisk, og oppdrettsfisk og villfisk er akkurat like sunn, seier Berg Hansen til NTB.

Leiaren i Næringskomiteen Terje Lien Aasland (Ap) er einig. Han ser ingen grunn til å tvile på det Mattilsynet og andre fagetatar seier.

– Oppdrettsnæringa er ei av dei mest kontrollerte vi har. Kosthaldsråda er eintydige: Vi bør ete meir sjømat, og feit fisk bør vere eit solid innslag i kosthaldet, seier han.

Redusert IQ
Til VG seier spesiallege Anne-Lise Bjørke Monsen ved klinisk institutt på Haukeland universitetssjukehus at ei stor europeisk undersøking viser at miljøgifter verkar negativt på hjerneutviklinga og er assosiert med autisme, AD/HD og redusert IQ.

– Eg rår ikkje gravide, barn eller unge til å ete oppdrettslaks. Det er for usikkert både kor mykje giftstoff laksen inneheld og korleis desse stoffa påverkar barn, unge og gravide, seier ho.

Oppdrettsselskapa omset for 54 milliardar kroner i året og er den nest største norske eksportnæringa, etter olje og gass. (©NPK)