Unge har blitt meir opptatt av klimaet

Klimaendringar gjer eit kjempehopp oppover lista over kva for utfordringar dei under 30 år meiner er viktigast for Noreg.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er viktigast for veljarane

 

TNS Gallup la i dag fram Klimabarometeret. Blant dei under 30 år er det langt fleire som er bekymra for klimaendringane enn tidlegare. Mellom spørsmåla i undersøkinga er kva dei tre viktigaste utfordringane Noreg står overfor. I den yngste gruppa kjem klimaendringar ut som nummer fem, mot ein ellevteplass i førre Klimabarometer.

– Før Ap-landsmøtet mobiliserte AUF valdsamt og oppnådde betydelege resultat i Lofoten-kampen. Det er ein inspirasjon som viser at det nyttar å slåst. Den politiske krafta til ungdomen er stor, og dette vil få mykje å seia i klimakampen i åra som kjem, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

Helse viktigast
Blant dei spurde sett under eitt, ligg klimaendringar på sjetteplass av dei 14 moglege sakene. Det er uendra sidan sist undersøking.

Eit fleirtal av befolkninga prioriterer helse høgast (47 prosent), deretter kjem i prioritert rekkjefølgje: veg og bane, innvandring, utdanning og kriminalitet.

SV-veljarane har klima som førsteprioritet, medan klima hamnar nede på ein 13. plass for Frp veljarane. På borgarleg side løftar Venstre-veljarane klima høgt opp til ein andreplass. For Høgre-veljarane må me heilt ned på ein ellevteplass for å finna dei som prioriterer klima, og talet på klimatilhengjarar i partiet er dalande. I KrF er klimaet på ein niandeplass.

Sp-veljarane har klima på ein femteplass og Ap ligg tett bak ved å prioritera klima som nummer seks.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Miljøorganisasjonar grusar regjeringa
Av undersøkinga framgår det òg at miljørørsla har langt større tillit enn regjeringa og oljeindustrien i klimaspørsmålet: 60 prosent av folkesetnaden har svært stor eller stor tillit til at Naturvernforbundet tek ei aktiv rolle for å redusere utslipp av klimagassar. Bellona får støtte frå 58 prosent.

Dermed knuser dei to miljøorganisasjonane regjeringa: Berre 36 prosent har stor eller svært stor tillit til at Jens Stoltenberg og regjeringa tek ei aktiv rolle for klimakutt.

– Dette viser at meldinga vår når fram til folk: Regjeringa har vist seg handlingslamma når det gjeld den største utfordringa i tida vår, seier Frederic Hauge.

For Statoil og Norsk olje og gass (tidlegare Oljeindustriens landsforening) er tala endå dårlegare: Dei kjem ut med høvesvis 25 og 21 prosent stor eller svært stor tillit.

– Viss regjeringa ønskjer å få meir tillit i klimasaka, kan dei ikkje driva Ole Brumm-politikk. Elefanten i rommet er norsk oljebransje. Alle skjønar at me ikkje kan redda klimaet samstundes som me investerer stadig meir pengar i å øydelegga det, seier Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet. 

Les siste klimanytt her!

Folkekrav om norske klimakutt
Undersøkinga viser òg at heile to tredelar av dei spurde er heilt eller delvis samde i at Noreg, som ein stor olje- og gassnasjon, har eit spesielt ansvar for å redusera klimagassutslepp.

Femten prosent av dei spurde er korkje samde eller usamde i påstanden, medan ytterlegare femten prosent er heilt eller delvis usamde. Berre 3 prosent har svart «veit ikkje» på spørsmålet.

– Det er gledeleg at så mange støttar det vi har argumentert for i årevis: Me i Noreg er nøydde til å sørgja for store kutt av eigne klimagassutslepp, seier Frederic Hauge i ei pressemelding.

Berre 17 prosent av befolkninga er usamd i at klimaendringane er menneskeskapte, og 70 prosent meiner Noreg satsar for lite på fornybar energi.

Kva er dei viktigaste sakene for deg i valet?