– Søler olje på kvinnekampen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag tek Stortinget eit steg i feil retning. Eit steg mot endå meir fossil-avhengigheit, seier talsperson i Grøn Ungdom, Hallvard Surlien.

– Me har allereie funne meir olje og gass enn det klimaet toler. Difor er det på tide la dei fossile ressursane liggja i bakken og i staden byrja å byggja eit berekraftig samfunn, forklarar Surlien.

LES OGSÅ: Vil kalle Oslo S opp etter Ivar Aasen

– Klimakamp er òg kvinnekamp
Den nyaste rapporten frå klimapanelet til FN slår fast at klimaendringar fører til meir ekstremvêr og naturkatastrofar, og at kvinner oftare enn menn døyr som følgje av naturkatastrofar. Klimaendringar gjer det òg vanskelegare for mange av småbøndene i verda, som òg er kvinner.

Grøn Ungdom meiner det er paradoksalt å knyta namnet til Aasta Hansteens til ei verksemd som bidreg til å ta i frå kvinner, særleg i fattige land, rettane deira.

– Aasta Hansteen var ein av pionerane innan stemmerettsrørsla. Når me i desse dagane feirar 100 år med allmenn røysterett i Noreg, burde me heller diskutera samanhengen mellom klimapolitikk og rettane til kvinner enn å opna nye gassfelt i namnet til kvinneforkjemparen Hansteen, held Surlien fram.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

– Noreg må ta klimaansvaret sitt på alvor
Grøn Ungdom ynskjer ikkje at fleire kjende nordmenn skal få det gode namnet og ryktet sitt tilsølt av olje og gass. Endå meir ynskjer dei at Noreg skal ta klimaansvaret sitt på alvor.

– Skal det vera realistisk å gjera det leiarane i verda har vorte samde om, nemleg å unngå global oppvarming over 2-grader, kan me ikkje halda fram med å investera i nye klimagassutslepp. I staden må me byrja å fasa ut norsk olje- og gassutvinning og i staden satsa på til dømes havvindkraft, avsluttar Surlien.

Kva meiner du om å kalla opp olje- og gassplattformer etter historisk kjende personar?

Faktaboks

Aasta Hansteen (1824-1908) var ein berømt malar og forkjempar for rettane til kvinner. Les meir på Wikipedia!