– 1800-talet ringte og vil ha språksynet sitt attende

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fordomsfullt om dialektar

«Det er virkelig et problem for et land, som dertil er lite, for språknormen forsvinner og enhver dialekt, uansett hvor ubegripelig den er – også for nordmenn – er akseptabel i riksmedia.»

Dette skriv professor Janne Haaland Matlary i ein kronikk på Minervanett.no. Statsvitaren tek sikte på NRK og trekk parallellar til Storbritannia og Frankrike, der dialektar ikkje har same status som BBC-engelsk og korrekt fransk.

– Det fyrste eg tenkjer er at 1800-talet ringte for å få språksynet sitt attende, seier leiar i Norsk målungdom, Vebjørn Sture, om kronikken.

LES OGSÅ: Pondus legg om til dialekt

Uhøfleg dialekt

Matlary er oppteken av høflegheit og meiner at korrekt språk er viktig for å opptre høfleg. Her etterlyser ho mellom anna bruken av titlar og den offisielle tiltaleformene «De». Ho meiner at utstrakt dialektbruk i NRK ikkje verkar demokratiserande, men bidreg til å utjamne forskjellane i det norske språket, og gjer det naudsynt at alle forstår dialekt. Kronikken fekk kort tid etter eit motsvar frå Mathias Fischer i Unge Venstre.

– Utsegna i kronikken til Matlary er fordomsfulle, for å seie det varsamt, seier Vebjørn Sture.

Han er glad for at me i Noreg har såpass stor aksept for språkleg variasjon og mangfald, men peikar på at ein ikkje skal lenger enn til nabolandet før ein ser at rikssvenska er heva over dei svenske dialektane.

– Dette er eit relativt forstokka språksyn, som i land som Storbritannia er meir indoktrinert enn i Noreg.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt

Tekstar svensk
Òg språkprofessor Finn-Erik Vinje kritiserer NRK sin språkpolitikk. Han meiner at statskanalen bør tekste dialektar, som er for vanskelege å forstå. I eit blogginnlegg frå april skriv han følgande:

«Norske dialekter skal ikke tekstes for folk med normal hørsel. Folk skal værsgod forstå alle dialektale, sosiolektale og idiolektale varieteter.»

Språkvitaren viser til at søta bror sin svensk vert teksta på norsk tv, trass i at dei færraste nordmenn har problem med å forstå språket til våre naboar.

– Eg tykkjer det er litt komisk at ein som slår seg på brystet som språkprofessor, slit med å forstå dialektane i eige land. Der skyt Finn-Erik Vinje seg litt i foten, seier Sture.

Ny språksjef
Språket i statskanalen NRK kjem med jamne mellomrom opp i den offentlege debatten. Finn-Erik Vinje og tidlegare leiar i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er mellom dei som har etterlyst meir normert språk i NRK.

I desse dagar er NRK i gang med å tilsetje ein ny språksjef. Stillinga er nyoppretta og ei av arbeidsoppgåvene er å gjere NRK sine språkreglar kjent internt.

Vebjørn Sture vonar at ein ny språksjef i NRK kan gjere det lettare for dei nynorsktalande nyheitsankera.

– Slik eg har forstått det, er det ein del nyheitsanker som må spontanomsetje nyheitsmeldingar, seier Sture.

Han meiner at ein språksjef bør røske opp i ein kultur der det er større aksept for at ein bokmålsjournalist kjem med ei melding på eige språk til ein nynorskbrukar, enn den andre vegen.

LES OGSÅ: Språket som forandra musikk-Noreg