Me er lukkelege, trass skulen og helsa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lukkelege, trass skulen og helsa

«Samla sett gjer Noreg det svært bra», er konklusjonen frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

Berre sveitsarane er meir tilfredse med livet enn nordmenn. Islendingane, svenskane og danskane kjem rett etter. Når det gjeld inntekt/formue, utdanning og helse hamnar Noreg på 13. plass eller dårlegare, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Dei i 20-åra er lukkelegast

På pallen
Organisasjonen offentleggjer den årlege Better Life Index i Paris tysdag under Forum 2013 og ministerrådsmøtet. Indeksen prøver å rangera livskvaliteten og lykka i dei 34 rike og mellomrike medlemslanda. I tillegg er Brasil og Russland med i oversikta.

Noreg ligg blant dei tre beste landa på fire av dei elleve områda som blir målt – jobbar, miljø, velnøye og balansen fritid-jobb.

Særleg på arbeid gjer Noreg det bra. Ein stor del av befolkninga er i inntektsgjevande arbeid, langtidsarbeidsløysa er låg, dei aller fleste av jobbane er faste og lønningane er høge, samanlikna med dei andre landa i OECD. Det gir ein 2. plass blant dei 36 landa.

LES OGSÅ: Frivillige er meir lykkelege

Middels på helse, skule og tryggleik
I den internasjonale PISA-målinga av kunnskapen hjå 15-åringar ligg me berre så vidt over gjennomsnittet for OECD.

For helse ligg nordmenn heller ikkje i toppen. Me er berre eitt år over OECD-gjennomsnittet i forventa levealder og eigenvurdert helsesituasjon. I ti land kan dei forventa å leva lenger enn oss, og i 11 land er innbyggjarane meir positive til sin eigen helsesituasjon enn oss.

Noreg er heller ikkje i toppen, når det gjeld tryggleik. Berre to land har færre drap per innbyggjar enn Noreg, men når det gjeld overfall og ran ligg Noreg på 16. plass, ifølgje OECD. Både i USA og Russland er det færre overfall og ran enn i Noreg.

Kvifor trur du me er meir lukkelege enn andre? Del tankane dine i kommentarfeltet!