Fleire klagar på eksamenskarakterane
Fleire elevar klagar på karakteren på skriftleg eksamen i vidaregåande skule, men færre enn før får medhald i klagen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire klagar på karakterane
Til saman vart det levert 11.200 klager på karakterar etter skriftleg eksamen i fjor, ein auke frå 6.400 – heile 74 prosent på fem år, skriv Aftenposten.
Medan det i 2008 vart klaga på 3,4 prosent av alle avlagde eksamenar, hadde delen stige til 5,2 prosent i fjor, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Men berre 16 prosent av dei som klaga på karakteren, fekk medhald.
Sensur og klagesensur på eksamen kosta staten 108 millionar kroner i fjor. (©NPK)