– Må verte meir attraktivt å jobbe
Gjennomgang av velferdsytingane så det alltid løner seg å jobbe og tvungen kommunesamanslåing, var av sakene FpU fekk gjennomslag for under helgas landsmøte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi har fått fullt gjennomslag og er godt nøgde, seier FpU-leiar Himanshu Gulati til Framtida.no. Han trekkjer fram vedtakinga av ungdomspartiets formulering om gjennomgang av alle velferdsytingar, som avgjerande. I vedtaket heiter det at ”de arbeids- og velferdspolitiske virkemidlene innrettes på en slik måte at arbeid alltid skal lønne seg”
– Dette forpliktar FrP til ein heilskapleg gjennomgang av alle ytingar, forklarar Gulati. Han meiner det er vanskeleg å peike på kva konkrete tiltak som skal gjennomførast, men at både karensdagar og skattereduksjonar kan verte aktuelt.
– Det viktige er at det skal verte meir attraktivt å jobbe, framfor å gå på ytingar. I dag er for mange heilt eller delvis utanfor arbeidslivet, held han fram.
Tvangssamanslåing
Ein annan sigar for ungdomspartiet er vedtaket om tvungen samanslåing av norske kommunar.
– Tvungen kommunesamanslåing vil redusere norsk byråkrati, og frigje midlar til andre tiltak, seier Gulati. Han meiner det er viktig med ein god prosess og at det er for tidleg å gje eit konkret tal, men meiner i overkant av 100 kommunar kan vera høveleg.
FpU-leiaren trekkjer og fram vedtaket om fjerning av fagforeiningsfrådraget, som ein siger for ungdomspartiet. Han peikar på sigrane på landsmøtet, som ideologisk viktige.
– Som ungdomsparti er vi opptekne av liberalistisk ideologi, og våre gjennomslag vil sikre ein meir effektiv stat og hindre oppblåsing av utgiftene, forklarar han.
QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?
X-faktor
I hovudtalen sitt til landsmøtet, peika Himanshu Gulati på FrP som X-faktoren i norsk politikk. Illustrert som ginen i tonicen, isbiten i cola eller Siv Jensen på 4-stjerners middag.
– Vi står for dei verkelege reform- og strukturendingane i norsk politikk, i motsetnad til dei andre partia har vi aldri sete i regjering. Slik er vi X-faktoren i norsk politikk, avsluttar FpU-leiaren.