Her er tipsa som kan sikre deg ein studierelevant sommarjobb.

Heljar Havnes, Universitas
Heljar Havnes, Universitas

Mange studentar bruker sommaren til å jobbe, for å dekke levekostnadene i sommarmånedane utan studielån. Dei aller heldigaste får studierelevante sommarjobber som vil hjelpe karrieren deira i framtida.

– Ver frampå!
– Har du enno ikkje skaffa jobb, er du ganske seint ute, men det er enno ikkje umogleg å skaffe seg ein studierelevant sommarjobb, seier leiar for Karrieresenteret ved UiO, Gisle Hellsten.

Hallsten tilrår å ta kontakt med relevante bedrifter, ring dei eller møt opp personleg og vis interesse.

– Eit nyttig tips eg har er: ver frampå! seier han. Hellsten forklarar at ein ikkje naudsynlegvis berre må sjå etter relevante arbeidsoppgåver, ein må òg sjå etter riktig bransje:

– Det er òg mogleg å sjå etter jobbar der arbeidsoppgåvene ikkje naudsynlegvis er relevante, men at jobben er i ein sektor eller bransje du kunne tenkje deg å jobbe i seinare. Tenk på å byggje nettverk og bli kjent med miljøet, seier han.

Hellsten forklarar at sommarjobbar er svært viktig for han vidare karriéren, men at ein ikkje må undervurdere utdanninga si.

– Eg veit at mange arbeidsgivarar ser etter ein kombinasjon av utdanning og erfaring, og sommarjobb er ein god måte å få ein slik erfaring på.

– Hugs at mange fristar om sommarjobbar i 2014 går ut i september-oktober, så om du du ikkje er ferdig med grada di no i sommar, er det lurt å tenkja på sommarjobb både for i år og neste år allereie no.

LES OGSÅ: Verdas våtaste draumejobb?

Jobbe frivillig?
Leiaren for Bis karriereservice, Adriana Jansen, er samd i at det ikkje er for seint å søkja sommarjobbar. Ho meiner òg at det viktigaste ikkje naudsynlegvis er å skaffe seg ein studierelevant jobb:

– Det er sjølvsagt ein fordel med sommarjobbar som er studierelevant, men det er som regel vanskelegare for studentar å sikre seg desse. Vi meiner at ulik røynsle, òg frå andre typar jobbar og bransjar, òg kan vere nyttig og relevant for vidare arbeidslivet, seier ho.

Jansen forklarar at arbeidsgivarar er opptekne av å sjå på kva studentar har gjort i løpet av studia. Studentar som har jobba ved sida av studia, både deltid eller sommarjobbar har ein fordel over studentar som ikkje har erfaring:

– Erfaringa treng ikkje vere studierelatert for å vere relevant i vidare karrieren, seier ho om sommar- og deltidsjobbar for studentar.

Les fleire saker om sommarjobb her!

Ho har òg nokre tips til sjølve søknadsprosessen:

– Som studentar på UiO eller BI, har ein tilgjenge til karriereportalane på skulen – her kan det vere både deltidsjobbar og sommarjobbar som studentar kan søkja på. Det kan òg vere at ein deltidsjobb kan leie til ein sommarjobb. Nytte òg dei andre jobbportalane som finst online for å søkja på muligheiter. Bemanningsbyrå kan òg ha korte og lengre oppdrag som passar for studentar. Kommunane legg òg ut informasjon om ledige stillingar på sine websider, seier ho.

Viss ein ikkje har klart å skaffe seg ein sommarjobb, og har sommarøkonomien i orden, kan frivillig arbeid vere eit godt alternativ for å pynte på CVen, meiner Jansen:

– Vi meiner at frivillig arbeid kan vere eit godt alternativ. Studentar viser engasjement i noko dei meiner er viktig, dei får høve til å utvikle seg, dei får nyttig jobberfaring og kanskje eit høve til å gjere noko nyttig for samfunnet, seier ho.

Les saka i Universitas (på bokmål)!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE