Den tidlegare nynorskkommunen Fræna vart «språknøytral» i førre veke. Soga om korleis det har gått slik er mildt sagt til å raudna av.

Lat oss byrja med argumentasjonen for å gjera kommunespråket «valgfritt». «Vi har […] sjekket stemningen på kommunehuset, og veldig mange ønsker seg valgfrihet,» uttalte framleggsstillaren Ingvar Hals (H). Skal tru om han har den same innstillinga til andre delar av arbeidsinstruksen for dei kommunetilsette? Tvilsamt. Får dei fridom til å bruka bannskap og ukvemsord i saksdokumenta, om det er slik dei personleg uttrykkjer seg best? Eller SMS-språk? Neppe. For språkbruken din sluttar å vera ei privatsak idet du skriv på vegner av ein kommune.

Det är nynorskans fel

Varaordførar Henry Farstad argumenterer ikkje stort betre. Han meiner austlendingar som søkjer jobb i Fræna skal «slippe å grue seg for tvungen nynorsk». Som det det kjem til å gå busslastar med toppkvalifiserte byråkratar (med nynorskskrekk) i skyttel frå Aker brygge til Fræna rådhus så snart språknøytraliteten trer i kraft.

I den grad hordar av bokmålsbrukande austlandsbyråkratar drøymer om å arbeida i ein utkantkommune, så kan det kanskje henda at skepsisen deira mot å søkja jobb i Fræna primært botnar i at kommunenøkonomien er køyrd i grøfta? Det grensar til det komiske når ein ROBEK-kommune kastar nynorsken på båten i trua på at det var det som skulle til for å verta ein attraktiv arbeidsgjevar.

Blandar eple og pærer

Likevel, argumenta er faktisk ikkje det pinlegaste. Det som verkeleg er til å slå handflata i panna av, er presisjonsnivået i faktagrunnlaget for saka.

For korkje rådmannen eller kommunepolitikarane ser ut til å ha peiling på kva som står i lovverket. Norske kommunar kan vedta både tenestemål og administrasjonsmål. Tenestemålet er språket kommunen vedtek som sitt offisielle språk overfor statsetatane. Administrasjonsmålet er språket dei tilsette i kommunen vert pålagde å skriva. Altså kan ein i teorien ha status som nynorskkommune, samstundes som dei tilsette (av meir eller mindre bisarre grunnar) får bruka bokmål på jobb.

Surr, surr og atter surr

I saksutgreiinga framstiller kommuneadministrasjonen saka ganske annleis. Dei opererer berre med eitt omgrep – administrasjonsmålet – men skildrar konsekvensane av å endra dette som om vedtaksintensjonen også omfattar tenestemålet. I utgreiinga heiter det at konsekvensen av å gjera administrasjonsmålet språkleg nøytralt, er at «statsetatar står fritt i å sende skriv til kommunen på kva målform dei vil». Det er feil. Her snakkar dei om tenestemålet.

Like slurvete er varaordførar Farstads påstand om at «dersom du skriver til kommunen på nynorsk, så har du uansett krav på å få svaret tilbake på samme målform». Dette kravet gjeld for statlege organ, ikkje kommunale. Altså kan me kryssa av for nok ein elementær faktafeil i avgjerdsgrunnlaget.

Med andre ord: Fræna kommune har handsama eit sjølvmotseiande og logisk brestande saksframlegg basert på fleire faktafeil, utan at rådmann, sakshandsamar eller nokon av kommunestyremedlemene har teke bryet med å sjekka det opp. Det same kan forresten seiast om lokalpressa, som fekk tips om dette for to veker sidan, utan å reagera.

Kva no, Fræna?

Reint juridisk er eg neigu ikkje sikker på kvar saka står. Dersom ordlyden i vedtaket berre nemner administrasjonsmålet (det er ikkje så lett å finna ut før kommunen legg ut ein saksprotokoll som ikkje gjev teknisk feil når du prøver å opna han …), har Fræna i teorien framleis nynorsk som tenestemål.

Skal tru kor lang tid det tek før dei oppdagar det. I mellomtida finn du meg bak ei diger pute.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE