Sta nynorskleiar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karen Mjør er sytten år, stordabu og leiar for Målungdommen i verdas største nynorskby. Vi spurde kvifor Sunnhordland treng Målungdommen.

Nynorsk på heimebane
– Nynorsk er underprioritert. Sjå på media, til dømes. Når ein les Dagbladet eller VG er det knapt spor etter nynorsk. Alt treng ikkje vere på nynorsk heller, men vi vil ha ei jamnare fordeling. Dess meir nynorsk folk les, dess meir vil dei innsjå at nynorsk ikkje er så vanskeleg, meiner Mjør.

I fjor haust vart Sunnhordland Målungdom skipa, og i januar vart Mjør leiar. Ho vil kjempe for nynorsken på heimebane.

– Det er veldig kjekt at verdas største nynorskby no har fått målungdomslag. Vi kjem til å reise rundt på skulane for å prøve å verve fleire til å vere med å kjempe for nynorsken på heimebane, seier Mjør.

Mjør er imot nedskjeringar i sidemålsopplæringa, og vil heller styrke undervisninga.

– Å fjerne sidemålskarakteren vil undergrave nynorsken. Tek ein vekk karakteren vil elevane nedprioritere faget, og undervisninga vil bli dårlegare.

– Kan ikkje sidemålsopplæringa føre til meir motvilje mot nynorsk hjå bokmålsbrukarar?

– Sidemålsundervisning kan føre til motvilje når nynorsk blir så fjernt at det blir vanskeleg. Men framandspråk som tysk og spansk er òg vanskeleg, utan at nokon føresler å fjerne dei språka frå undervisninga. Det er veldig rart at ein vil nedprioritere eit av våre eigne skriftspråk. Eg meiner heller at vi må byrje med sidemålsopplæring tidlegare. Vi lærer jo best når vi er yngre. Og dersom nynorsk hadde blitt meir brukt i media og på fleire tv-kanalar enn NRK, ville språket blitt mindre fjernt for mange, meiner Mjør.

Følg debatten om sidemålet her!

Stor del av identiteten

Mjør er i tillegg nestleiar i Stord AUF, aktiv i Stord Mållag og folkemusikar. For nynorskleiaren er språket ein viktig del av identiteten.

LES OGSÅ: – Er du misnøgd, så engasjer deg

– Nynorsk ligg nærast min talemåte og er ein stor del av min identitet. Eg har alltid brukt nynorsk, og visste knapt om noko anna, seier Mjør.

– Kven er din største nynorskhelt?

– Ivar Aasen er sjølvsagt den store helten. Olav H. Hauge kjem òg høgt opp. Men også Valkyrien Allstars er blant mine nynorskfavorittar. Sjølv om frontfiguren Tuva Syvertsen snakkar austlandsdialekt, er mange av songtekstane på nynorsk.

– Er det litt sært å organisere seg for å ta vare på eit språk?

– For bokmålsbrukarar, som nyttar eit språk som ikkje er offer for nedskjeringar, kan det kanskje verke rart å organisere seg for å ta vare på språket sitt. Men bokmålsbrukarane har aldri måtte kjempe for språket sitt. Sjølv om nynorsk etter lova er likestilt med bokmål, er språket vårt likevel truga på fleire måtar. Vi må vere litt stae for å halde på språket vårt.