Vonlandsk er ikkje eit vanleg mål, men det er tvillaust eit tungemål: Taleorgana spelar. Her finst ingen ord, ingen målbygnad, berre ein straum av ljod som ingen kan tyda, men som alle skjønar.

Faktaboks

Les meir om Sigur Rós på heimesidene deira eller Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Kan henda lurer minnet meg no, men i so fall får det berre lura meg, for det er eit godt minne: Då den direktesende minnekonserten i Oslo Spektrum 21. august 2011 var ferdig, då rulleteksta byrja snigla seg over skjermen og me skulle henta oss inn att etter den skakande opplevinga det er å sjå noko slikt, spela NRK «Von» i bakgrunnen. «Von» av Sigur Rós, den akustiske live-versjonen frå 2007 med strykarar og jamne, døyvde trommeslag og Jónsi som syng slik at elingane kappast om å fara nedetter ryggbeinet. Ja, det kan henda eg mishugsar meg, men eg vel å hugsa det nett slik, at det var «Von» som runda det heile av.

Sulla meg litt
«Von» er mellom dei eldste songane til det verdskjente, islandske bandet Sigur Rós (‘sigersrose’). Songen finst i ulike versjonar, men den eldste finn me på den eldste skiva deira, som òg heiter Von, frå 1997. Størsteparten av dei andre songane på Von har islandsk tekst, men «Von» er annleis: Her er ingen attkjennelege ord, berre underlege sameiningar av vokalar og mjuke konsonantar som log j.

Songaren sjølv − Jón Þór Birgisson, best kjend som Jónsi − jamfører denne røystbruken med måten mange songarar syng på når dei har laga melodien til ein låt, men ikkje har skrive teksta enno. Det er mest som nynning eller sulling for vidarekomne; røysta vert eit instrument som spelar og leikar med tonane utan å stykkja dei opp i ord og vers. Slik sett er ikkje «Von» noko særskilt.

Men: Sigur Rós valde å spela inn og gjeva ut «Von»-sullinga på eit album, dei kalla sullinga vonlenska etter «Von» og tok til å nytta vonlandsk i andre songar; år etter år dyrka dei sullinga og gjorde henne til noko meir enn berre vilkårlege ljodar. På albumet ( ) frå 2002 syng Jónsi berre vonlandsk; her mykje song, men ingen skjønlege ord. Mange hundre tusen menneske, frå alle delar av verda, veit kva vonlandsk er. Slik sett er «Von» noko særskilt.

Vel å merka finn me liknande røystbruk i mellom anna jazzverda, sokalla «scat singing». «The great gig in the sky» av Pink Floyd har òg ordlaus song, for å nemna andre døme. Men alt det får me drøfta ein anna gong − no er me inne i Språkåret og me høgtidar språkmangfaldet meir enn elles, difor vel eg å tøya strikken og rekna vonlandsk som eit språk, endå det strengt teke ikkje er det. Det rettaste er kanskje å seia at vonlandsk er det språket me alle kan. Det er eit slags ur-urspråk.

LES OGSÅ: Systerkjærleik

Urvokalar og urkjensler
Vonlandsk, stundom kalla hopelandic, har visse særdrag. Dei gamle vokalane (eller sjølvljodane) aiu og o er særleg mykje nytta. Saman med er det dei fem einaste vokalane i urnordisk, og dei er mest som dei «reine» vokalane, sidan dei nyare vokalane som æ og ø er blandingar av eldre vokalar. Konsonantane (eller medljodane) i vonlandsk er jamnast jln, f og s, men andre ter seg òg innimellom. Ofte opnar einingane eller «orda» med ju eller iu og endar på o eller u, og so ymsar det som kjem imellom. Visst er det i alle fall at vonlandsk er eit godt døme på at orda vokal i tydinga ‘stemd språkljod’ og vokal i tydinga ‘songrøyst’ (jf. vokalist) er har same rota: latin vox, som tyder ‘røyst’. Ein reinhekla vokalist syng vokalar, mange og lange vokalar.

Som nemnt har vonlandsk korkje ord eller formverk, i alle fall ikkje i tradisjonell tyding. Men her finst visse mønster, visse samansetjingar som Jónsi nyttar om att og om att i same songen, og visse samansetjingar går att i ulike songar. Det byd meg sjølvsagt sterkt imot å freista skriftfesta desse sambanda; dei er laga for øyra, ikkje for auga. No er det like fullt naudsynt med nokre smakebitar, so her kjem nokre vonlause døme på vonlandske samansetjingar frå ei handfull ulike songar:ijusajljusajlonofajlojusajelos jusaonfaitjujusoserojusaraisefailojuraononfju.

Det kan sjå einfelt og gagnlaust ut, men i røynda (eller i høyrsla) er det eit samansett kunststykke som gjer songane særmerkte og beint fram hugtakande. For det fyrste er innlevinga til Jónsi gripande i seg sjølv. For det andre ymsar den einskilde samansetjinga heile tida, til dømes ved at Jónsi byter ut ein ljod eller fleire; ved at han varierer lengda på vokalane frå gong til gong; ved at han syng den same samansetjinga med ulik styrke ulike stader i songen og so bortetter. Sjølv ei endefram eining som jusajelos frå «Von» ter seg særs ulikt fram gjennom songen. For det tredje er det heile tida eit samspel mellom vonlandsken og instrumenta, dei fylgjest åt i styrke og stemning. Med stemning meiner eg mellom anna den tokken ulike vokalar og klangar gjev oss: Me skil instinktivt mellom mørke og ljose tonar, og me skil mellom mørke vokalar (som o og u) og ljose vokalar (som e og i).

Det endar ikkje der heller: Jamvel om samansetjingane ofte ymsar, gjer dei det innanfor eit visst mønster. Dei er variasjonar over eit tema; noko kjent ligg i botnen, men noko nytt kjem heile tida inn og gjev det gamle ein annan svip. Som kjent finn mennesket hugnad i slike system og oppattak, me gler oss storleg over å kjenna att mønster og over å føresjå gangen i det vidare − kvifor skulle me elles finna på flira åt dei same vitsane, sjå dei same filmane, høyra dei same songane om att og om att og om att? Me vert gripne, hekta, fortrylte. Dei vonlandske samansetjingane hektar seg fast i oss fordi det er eit slags mønster i dei, dei er ikkje heilt vilkårlege og framande.

LES OGSÅ: Ein ulv i bagasjerommet

Sunn suggesjon
Om eg skal prøva å greia ut den verknaden vonlandsk har på oss (i alle fall på oss som er hekta), ligg det nær å gripa til verbet suggerera. Det kjem av latin suggerere (av sub ‘under’ og gerere ‘bera, ha med seg’), og tyder bokstavleg ‘leggja under’. Ofte står det ein litt ròten tev av orda suggerera og suggesjon, sidan me jamt nyttar dei om det å påverka åtferda og opplevingane til nokon ved å spela på kjenslene heller enn å tala til vitet deira, jamfør til dømes massesuggesjon.

Når eg likevel vil nytta suggererande om vonlandsk, er det av ein temmeleg opplagd grunn: «Meininga» ligg ikkje opp i dagen. Ho finst ikkje på yta, me kan ikkje leita med vitet og venta å finna nokon bodskap. Me må djupare. I den mon det finst noka meining i vonlandsk, er ho ordlaus. Fylgjeleg må me kjenna og sansa oss fram til henne, me må prøva stå imot den sterke trongen til å leita etter ord og meining, berre vera i det. Kjenna, ikkje tenkja. Fyrst då kan me skjøna vonlandsk.

Viljen til språk
På veven finn me mange døme på at folk ikkje har greitt å leggja trongen til ord og meining til sides: Det yr og kryr av «omsetjingar» der nokon har prøvt å setja om dei vonlandske samansetjingane til vanlege ord, som oftast engelske ord. Til dømes kan jurais-enaounfol i «Hjómalind» lett verta «you rise and I fall» eller «you rise and unfold» og liknande. Det provar vel kor sterk meiningstrongen vår er: Når me høyrer menneskerøyster, greier me ikkje la vera å leita etter meining i det som vert sagt eller sunge. Difor kan me nok ikkje jamstilla vonlandsk song med eit musikkinstrument, endå det er svært lokkande. Høyr berre på «Gong», til dømes, frå plata Takk (2005). Beint fram rått!

So vidt eg veit, finst det éin Sigur Rós-song som er spela inn både i ei vonlandsk utgåve og i ei utgåve med islandsk tekst. Det er den vesle perla «Heima». I dokumentaren Heima frå 2007 har «Heima» vonlandsk tekst, på singelen «Inní mér syngur vitleysingur» frå 2008 har han islandsk tekst − den vonlandske versjonen var berre mellombels. Dei som ikkje skjønar noko islandsk, tykkjer vel at det ikkje er store skilnaden mellom dei to utgåvene. Men den vonlandske talar ope og beinveges til deg, du treng ikkje filtrera og tolka noko, det går rett inn. Den islandske versjonen er annleis, jamvel om ljodbiletet elles er det same. Her kan me lett skilja ut ord og finna meining, songen har mest som ei tydeleg utside. Det tyder ikkje at «Heima» på islandsk er ringare enn «Heima» på vonlandsk, dei er berre ulike. Den islandske versjonen endar med ordrekkja «nú er ég loks kominn heim». Den vonlandske versjonen gjer visseleg ikkje det, men endå er det dét veike sjeler som eg høyrer når Jónsi syng so mjukt og lint på målet sitt. No er eg endeleg komen heim, kjenner me. Her er det von.

Først publisert i Mål og makt!

Sjekk ut andre musikktips her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE