Språkrådet åtvarar Halvorsen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar Kristin Halvorsen

–  Redusert sidemålsopplæring vil svekkja nynorskkompetansen i samfunnet og gjera det tyngre å vera nynorskbrukar, åtvarar Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Læreplanforslaget har ordningar som går imot den språkpolitikken Stortinget har stilt seg bak, ved at nynorsk blir svekt. Det påpeikar Språkrådet i brevet «Bekymringsmelding om foreslegne læreplanar i norskfaget» til kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Reduserer nynorskkompetansen i samfunnet
Forslaget svekkjer opplæringa i nynorsk og legg opp til ein minimumsløysing for prøving i sidemål, skriv styreleiar Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i brevet.

– Med redusert sidemålsopplæring vil den samla nynorskkompetansen i samfunnet minka. Då blir det tyngre for ein nynorskelev å ta med seg språket sitt til skriftleg samarbeid med andre i studie- og arbeidsliv, seier Vonen.

Ikkje i tråd med Stortingets vilje
Stortinget har slått fast at bokmål og nynorsk skal vera likestilte, og at nynorsk må styrkjast for å gjera likestillinga meir reell. Kunnskapsministeren har fleire gonger uttalt at nynorsk skal styrkjast, og at situasjonen for elevane med nynorsk som hovudmål skal betrast.

– Læreplanforslaget manglar tiltak for å styrkja stillinga til nynorsk og nynorskelevane. Sidestillinga av målformene som finst i læreplanen i dag, blir veikt eller blir fjerna på fleire punkt. Forslaget er ikkje i tråd med verken Stortingets vilje eller statsråden sine uttalar, seier Arnfinn Muruvik Vonen.

Språkrådet meiner at ein ny læreplan burde styrkja opplæringa i begge målformer, til dømes ved å byrja skriveopplæring i sidemål tidlegare.