Høgre størst blant norske studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal Universitashar henta inn frå Sentio viser at éin av fire studentar føretrekkjer Høgre. 24 prosent av dei spurde studentane ville valt partiet, mot 17 prosent for hovudrivalen Arbeidarpartiet.

På spørsmål om kva for eit parti som er best på utdanningspolitikk svarar 20 prosent av dei spurde studentane Høgre. Det er ein nedgang frå i fjor der 35 prosent meinte det same. Til samanlikning har 12 prosent mest tillit til Arbeidarpartiet på dette feltet.

– Eg trur studentane over tid har merkt seg at Høgre har ein offensiv politikk for studentar, høgare utdanning og forsking, seier Høyre-leiar Erna Solberg i ein e-post til Universitas.

For dei andre partia er tilliten laber. For både SV og Frp er det berre 5 prosent som meiner dei er best på utdanningspolitikk. Venstre ligg på snaue 6 prosent.

Sjølv om mange føretrekkjer Høgre, er dei aller fleste studentane heilt blanke, ifølgje Sentio-undersøkinga. Heile 48 prosent har ikkje gjort seg opp ei meining om kva for eit parti som er best på utdanningspolitikk, fire månader før stortingsvalet. (©NPK)

Les siste politisk nytt her!