8.000 spedbarn døyr kvar dag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein fersk rapport, «Surviving the First Day», viser organisasjonen kor sårbare nyfødde er i dei aller første timane av livet.

– Det store funnet i rapporten er at éin million barn døyr kvart år den dagen dei blir fødde, seier generalsekretær Tove Wang i Redd Barna til NTB.

Ikkje overraskande er det at det døyr flest barn i dei fattigaste landa. Somalia er det farlegaste landet i verda å bli fødd i, med Kongo, Mali og Sierra Leone hakk i hæl.

LES OGSÅ: FN: Småborn døyr av skitvatn

Redusert
Sidan 1990 har verda gjort store framsteg når det gjeld å redusera dødstala blant barn under fem år og barselrisikoen. Talet på barn som ikkje får feira femårsdagen sin, har gått med over 40 prosent, medan talet på mødrer som døyr under fødselen, er halvert.

Likevel er verda framleis eit godt stykke frå å nå FNs tusenårsmål om å redusera barnedødstala i verda med to tredelar innan 2015.

– For å få tala ned, må ein setja inn støytet for dei nyfødde, seier Wang.

For når det gjeld dei nyfødde, dei aller minste og mest sårbare, har utviklinga nærmast stått på staden kvil det siste tiåret. I dag er nærmare eitt av to barn som døyr før fylte fem år, 43 prosent, eit spedbarn. Denne gruppa utgjer nesten tre millionar, eller 8.000 kvar dag.

Treng fødselshjelparar
– Ein viktig grunn til dette er at vaksineprogramma som er sette i gang, reddar barn mellom eitt og fem år. Men nyfødde kan ikkje reddast av vaksinasjon. Dei døyr av fødselskomplikasjonar som pustevanskar, eller infeksjonar, seier Tove Wang.

Den einaste måten å få tala ned på, er å syta for at fødande har betre tilgang til jordmødrer og helsepersonell, meiner Redd Barna. Dei reknar med at det trengst minst 350.000 nye jordmødrer over heile verda.

– Det er ikkje mogleg å redda desse barna utan ein helsearbeidar. Kvart land må satsa på ny- og vidareutdanning av jordmødrer og fødselshjelparar, meiner Wang.

LES OGSÅ: Det handlar om å kunne gå på do

Uviss lagnad
At over 40 millionar kvinner må føda heime utan kvalifisert fødselshjelp er ifølgje rapporten er ein viktig grunn til dei høge dødstala blant nyfødde. To millionar av desse er heilt åleine når dei føder. Kvar dag døyr 800 kvinner av sjukdommar eller skadar under graviditet eller fødsel.

– I landa sør for Sahara er kvinnene i tillegg ofte svært unge, nokre gonger nede i 12-årsalderen, når dei føder første gong. Det gjer sjølvsagt fødselen endå meir risikofylt, seier Wang. (©NPK)