Unge Høgre vil dra Høgre mot høgre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre bruker for mykje pengar

Same dag som Høgres landsmøte startar, seier Sandøy til Aftenposten at han ønskjer meir klassisk, konservativ Høgre-politikk og mindre «stat».

– Den vaksne generasjonen av politikarar i dag løyver seg pengar på kostnad av framtidige generasjonar. Verken høgre- eller venstresida ser ut til å ville gjera noko med det. Den norske staten bruker altfor mykje pengar og vil nok fortsetta å gjera det, også med Høgre i regjering, seier Sandøy til avisa.

LES OGSÅ: – Ikkje bruk opp pengane våre

Sandøys medisin for å møta utfordringane er meir klassisk høgrepolitikk, blant anna behovsprøving av velferdstenester, ny pensjonsordning med kraftig levealdersjustering, kutt i sjukelønn og skattelette, kutt i landbruk og kultur og enklare for bedrifter å tilsetja midlertidig tilsette.

Ifølgje NRK-kommentator Trine Eilertsen kan det liggja an til at Unge Høgre taper alle sakene dei går inn for. Dei viktigaste sakene til Unge Høgre er i prioritert rekkefølgje:
– skattefrådrag på 500 kroner i månaden for alle som er i jobb
– kjønnsnøytral verneplikt
– nei til skolerazzia med narkohund
– la homofile få gi blod
– legalisera poker
– valfritt skulemål

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Kva meiner du? Er staten for sterk i dag? Bruker Noreg for mykje pengar?

Faktaboks

Desse sakene er det usemje om i Høgre:

– karakterar frå femteklasse som frivillig forsøksordning eller permanent ordning.
– valfritt sidemål i ungdoms- og videregående skule.
– godkjenna nye universitet før evalueringa av kriteria for godkjenning ligg føre.
– eggdonasjon.
– om private skal kunne eiga fleirtalet av aksjane i vasskraftverk.
– væpning av politiet.
– kontantstøtta som lovpålagd kommunal yting.
– retten til vigsel i trussamfunn.
– kjønnsnøytral verneplikt.