Vil ha høna tilbake på menyen

Kvart år vert det kasta rundt 2,3 million norske verpehøns som eigentleg er fullgod mat.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kastar 2.300.000 høns kvart år

Det er i dag sjeldan at det blir servert høne på norske middagsbord. Hovudgrunnen er at tillaginga tar for lang tid. Ferdigkokte høner i eiga kraft kan vere løysinga for å redusere matsvinnet.

Nofima har teke tak i problemet for å prøve å gjere hønene lettare tilgjengelege. Med seg på laget har dei fått Forsvaret, Toten eggpakkeri og NorgesGruppen. 

Soldatmat
Hønsefrikassé blir no testa som soldatmiddag. Frikasseen vert laga av økologiske høner som har gjort sitt på verpefronten. Verksemda Gårdsand i Vestfold slaktar og vidareforedlar hønene. Etter slakt blir kvar høne vakuumpakka, for så å trekkje i ti timar og deretter bli nedfrosne. Forsvarets kantiner får dei frosne høneposane. Når kjøtet er tint er det klart til å plukkast av skroget og bli putta i gryta.

– I Forsvaret har vi eit mål om 15 prosent økologisk mat, og økologiske høner vil i så måte vere eit godt bidrag. Samtidig vert det kasta altfor mykje mat, og vi ønskjer å vere med på å få høna tilbake som matressurs, seier Pål H. Stenberg, orlogskaptein og koordinator for faggruppe forpleiing på nettsida til Nofima.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Storkjøken
I første omgang er det storkjøken, sjukehus i tillegg til Forsvaret, som er dei tenkte kundane for ferdigkokte høner i eiga kraft. Med vidareutvikling ser samarbeidspartnarane føre seg at sal til daglegvare også kan bli aktuelt.

Prosjektet har fått finansieringsstøtte gjennom Statens Landbruksforvaltnings satsing på økologiske utviklingstiltak. (©NPK)