Ekte løysingar for ekte elevar i skulen

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

For nokre år sidan vart vi kjende med klasse 10B gjennom ein serie programmar på NRK. Det gjekk gullrekka, Senkveld og Idol ein høg gang. 10B var reality-TV i ordets rette forstand. Det var ekte menneske, ekte utfordringar, ekte sorg, ekte glede og ikkje minst – det var ekte lærarar! Det var steintøft av elevane å verta med i dette prosjektet og mest av alt å la oss ta del i livet deira.

Det er dette Høgre sin politikk handlar om – ekte løysingar på ekte problem hjå ekte menneske. Difor fokuserar vi på menneska i skulen – og dei viktigaste menneska i skulen er lærarane. Det er lærarane som kan gjera ein skilnad for elevane – få dei til å kjenne seg trygge – skapa moglegheiter for alle. Sosialistane pratar ofte om at Høgre vil rasere fellesskulen og privatisere over ei låg sko. Dette er sjølvsagt feil. Høgre er fyrst og fremst opptekne av kunnskap i skulen – difor er ikkje det viktigaste for oss epler og pærer i lunsjen, men læraren, og at fleist mogleg elevar skal oppleve å få drømmelæraren. Dermed er det ikkje Høgre som er oppteke av privat vs offentleg skule. Sjølvsagt er skulen eit offentleg ansvar, men vi er fyrst og fremst opptekne av gode lærarar, kunnskap i skulen og elevane si framtid.

Våre verkemiddel er fokus på etter- og vidareutdanning av lærarar og ikkje minst styrking av lærarutdanninga. Ikkje minst er det viktig å gjera skulen relevant for den enkelte elev. Elevar lyt få eit fagleg innhald og ein skulekvardag, som gjev dei moglegheit til å nytte dei talenta dei har – til å bli gode på det dei interesserar seg for og utnytte dei kvalitetane dei alle har.  Klasse 10 B er for meg overførbart til mange problemstillingar. Men eg kjem heile tida attende til det som fekk meg til å falle for Høgre og den konservative ideologien: Det set fokus på ekte løysingar på ekte problem hjå ekte menneske.