Grøn Ungdom vil ha med dei KrF, V og SV i ei grøn miljøblokk på Stortinget. Ungdomspartiet jublar over gjennomslag i helga for språk, kraftkablar og verneplikt.

mm

– Alle parti som meiner alvor med miljø og klima må gå saman mot fossilpartia, seier Hallvard Surlien, talsperson i Grønn Ungdom. Med Miljøpartiet Dei Grøne på Stortinget, vil han ha med Venstre, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti i ei grøn blokk.

Surlien viser til at det er svært lite sannsynleg at nokon klarar å danna ei fleirtalsregjering utan støtte frå minst eitt av desse partia, og at ein miljøallianse vil gi dei større kraft enn dei har i dag.

– I dag blir miljøveljarane splitta mellom raudt og blått der miljøpartia er låst fast til kvar sin grå koloss. Ved å danna ei grøn blokk vil miljø og klima bli ei sak ein ikkje kan koma utanom. Det er på tide, seier Surlien.

Jublar for gjennomslag
Sundag vedtok landsmøtet i Miljøpartiet Dei Grøne det nye arbeidsprogrammet som partiet skal gå til val på seinare i år. Grøn Ungdom er godt nøgde med resultatet.

Ei av sakene Grøn Ungdom hadde jobba hardast for, var forslaget om å byggja kraftkablar til naboland og Europa. Forslaget vart vedteke med overveldande fleirtal.

– Dette tyder at når Dei Grøne kjem på Stortinget til hausten så skal me jobba beinhardt for å få bygd nye kraftkablar. Dette er eit viktig framsteg for fornybarrevolusjonen i Europa, seier Hallvard Surlien.

Grøn Ungdom fekk òg med moderpartiet på å gå inn for å avvikla verneplikta.

– Verneplikt for kvinner er like progressivt som å fråta menn røysteretten i 1913. Her er me langt føre dei andre som vil tvinga òg kvinnene inn i militærteneste, seier Ingrid Ophaug Dahl òg ho talsperson i Grøn Ungdom.

LES OGSÅ: Seier nei til ferjefri E39

Ny språkpolitikk
Landsmøtet gjekk òg inn for eit nytt kapittel på språkpolitikk som inneber å styrkja stillinga til nynorsken i samfunnet.

– Dette viser at Dei Grøne er partiet til ungdomen òg på andre saker enn klima og miljø. Å få på plass ein sterk språkpolitikk som tek sikte på å løysa problema me har med sidemålsundervisinga i dag, og tek vare på det kulturelle mangfaldet i landet vårt, er verkeleg ein siger for oss, seier Ingrid Ophaug Dahl, talsperson i Grøn Ungdom.

QUIZ: Kva veit du om Miljøpartiet Dei Grøne?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE