Drøymer om omstilling

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Medan SV-Lysbakken og Frp-Jensen kranglar om det er verda eller dei sjølve som har eit klimaproblem, er ein gjeng frivillige på Sagene i Oslo i gong med å endre sitt eige nærmiljø.

Ølbrygging, forteljarkurs og surdeigbrødsbaking er ein del av oppskrifta på eit meir miljøvenleg og triveleg lokalsamfunn, ifølgje grasrotinitiativet Omstilling Sagene.

Praktisk og positiv
Då Camilla Skjerve-Nielssen og mannen Dayton Gordley var ferdige å studere miljøvitskap, klødde dei etter å gjere noko meir praktisk.

– Studiane var veldig teoretiske og fokuset låg i stor grad på problema. Vi ønska å gjere noko positivt og leite etter løysingar, fortel Skjerve-Nielssen.

Saman med nokre vener kom dei over Transition Town-nettverket.

– Vi vart veldig begeistra for modellen, fortel initiativtakaren.

Hausten 2010 starta Omstilling Sagene opp i Sagene bydel i Oslo. Førebels er initiativet det einaste i Oslo, men på Nesodden og i Bergen finst liknande prosjekt. Omstilling Sagene registrerer ikkje medlemmane sine, men har mellom tjue og tretti aktive medlemmar.

– Vi er opne for alle som er miljøinteresserte og har lyst til å gjere noko. Du treng ikkje bu på Sagene for å vere med, seier Skjerve-Nielssen.

LES OGSÅ: Trendy med kjøpestopp

Nærmiljø og trivsel
Dei frivillige i Omstilling Sagene har mange jern i elden. I Geitmyra skulehage har dei ein eigen parsell, og dei held ved like permakulturinstallasjonar i parkar i bydelen. Ein del merksemd har dei fått for ”tilhengarhagen for hagetilhengarar” – ein hage i ein tilhengar som dei parkerer ulike stader på Sagene.

I tillegg arrangerer dei forteljarkurs, for å gjere formidling om miljøproblem betre. Dei har filmsyningar, arbeider med eit nettbasert system for bytteøkonomi, og arrangerer byttemarknader. I tillegg har dei kurs i praktiske ferdigheiter, som sykkelreparering, matdyrking, sylting, sying og kompostering.

– Målet vårt er å arbeide for at lokalsamfunnet vårt vert mindre avhengig av fossile brennstoff og meir motstandsdyktig mot ytre påverknader, som klimaendringar, økonomi- og energikriser, fortel Skjerven-Nielssen.

I tillegg handlar Omstilling Sagene om nærmiljøidentitet.

– Vi vil skape trivsel og eit levande lokalsamfunn. Særleg i Oslo skjer det mykje ulike stader heile tida, og nærmiljøa har ikkje ein så sterk identitet. Gjennom Omstilling Sagene blir vi kjende med kvarande og gjer noko gøy og positivt saman, fortel ho.

(saka held fram under bildet)

 

PRAKTISK: Omstilling Sagene vil gjere folk meir uavhengige av ikkje-fornybar energi, til dømes ved å lære vekk korleis ein kan reparere sin eigen sykkel.

Verdsfemnande nettverk
Omstilling Sagene er del av den globale Transition Network-rørsla. Ifølgje nettsidene til rørsla finst slike omstillingsprosjekt i over tusen ulike samfunn over heile verda. Lokalsamfunna varierer frå nabolag i Portugal, via brasilianske byar og landsbygder i Slovenia, til urbane stader i England og øyer ved den kanadiske kysten.

Transition-modellen handlar om å omstille lokalsamfunn vekk frå eit energiforbruk som ikkje er bærekraftig, til samfunn med lågare energiforbruk og meir rettferdig fordeling av ressursane. I 2012 mottok rørsla EU-prisen ”European Economic and Social Committee Civil Society Price”, for fyrsteklasses sivile initiativ.

På Sagene arbeider dei frivillige for å knyte dei globale utfordringa til lokal stadsidentitet.

– Stadig fleire byrjar å innsjå at også vi kjem til å merke klimaendringane, og at vi er i ferd å bruke opp ressursane våre. Gjennom praktiske kurs, som i sykkelreparering, matlaging og matdyrking, lærer folk å vere meir uavhengige og motstandsdyktige mot ytre påverknader, seier Skjerven-Nielssen, og legg til:

– Og så får vi jo mykje glede gjennom prosjekta.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Fullstendig omstilling
Nyleg vart dei frivillige nominerte til Oslo miljøpris 2013. I nominasjonen heiter det mellom anna at Omstilling Sagene er ”et enestående flott eksempel på grasrotmiljøengasjement”.

– Responsen i nabolaget er veldig god. Vi har eit godt samarbeid med bydelen, og får låne både offentlege og private lokalar. Folk ønskjer å støtte oss, fortel Skjerven-Nielssen.

Draumen er å ein gong vere overflødige.

– Vi har mange ambisjonar, men draumen er at metoden vår skal vere så integrert i samfunnet at vi ikkje treng ein Omstilling Sagene lenger, fortel initiativtakaren.

Les fleire saker om klima her!

Faktaboks

 

Omstillingsmodellen
• Starta i England i 2006.
• Måla er å styrke lokalsamfunn, ved å gjere dei mindre avhengige av fossile brennstoff og meir motstandsdyktige mot ytre påverknader, som klimaendringar, økonomi- og energikriser.
• Omstillingsprosjekta er grasrotinitiativ, som finn stad i over tusen ulike lokalsamfunn over heile verda.
• Prosjekta spenn frå område som mat, transport, energi og utdanning, til bustader, søppel, kunst.
• Transition Network skal inspirere, motivere, støtte, rettleie og setje lokalsamfunna i kontakt med kvarandre.

Kjelde: Transitionnetwork.org