– IT-næringa skrik etter fleire kvinner
Det er eit skrikande behov etter fleire kvinner i IT-næringa, meiner professor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kvinnedelen har stupt dei siste åra, seier professor Bjørnar Tessem i informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.
Avisa fortel at IT-fag no er det minst populære faget blant jenter i heile landet. Berre 16 prosent jenter har søkt utdanningstilbod innan informasjonsteknologi og informatikk i år. Det viser opptaket til høgare utdanning.
– Ikkje ein gong helsefag er så skeivt fordelt, seier Tessem, som meiner utviklinga er urovekkjande.
– IT-næringa skrik etter fleire kvinnelege tilsette. Fleire kvinner i bransjen vil føra til betre IT-løysningar, meiner han. (©NPK)