Målprisen til Linda Eide

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre gonger dukkar det opp slike folk som gjer at me nynorskingar rettar ryggen og seier "sjå" – han eller ho er ein av oss. Folk som er både kule og morosame på eine sida, men som med djupt alvor argumenterer for nynorsk når dei vert intervjua i aviser og blad. Årets målprisvinnar er ein slik person, sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, under festmiddagen på landsmøtet i Noregs Mållag laurdag kveld.

Linda Eide er uløyseleg knytt til dialekta si og nynorsken. Ho er, trass i at ho har budd i Bergen i mange år, best kjend som vossing.

– Ho har vore nynorskprosenten på laurdagskvelden, og ho har formidla kvinneliv på Voss gjennom mor si. Ho har gått frå å vere utskjelt for nynorskbruk i NRK Hordaland til å verte bejubla tv-journalist i beste sendetid, på vossamål og på nynorsk. Utan slike einskildpersonar som ikkje er redde for å dra fram dialekta si og nynorsken i ålmenta slik at alle kan sjå, og høyre, hadde ikkje alle me sete her, heiter det i grunngjevinga til juryen. 

LES OGSÅ: Naturen til den nynorske kulturen

Sidan 1990 har Linda Eide vore programmedarbeidar i fleire avdelingar i NRK, mellom anna i NRK P3 sidan opninga i 1993, i Norgesglasset på NRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet. Sist sett i "Norsk attraksjon" i beste sendetid på laurdagkveldane. Etter å ha ringt mor si i ti år for å grave etter gamalt nytt, og skrive om det, kom i fjor boka "Oppdrag Mottro".

– Årets Målprisvinnar skreiv som purung journaliststudent oppgåve om nynorsk på journalisthøgskulen, ho har i intervju fortalt om korleis det var å bli fortalt at ein skulle snakke bokmål i austlandssendinga og å få telefonar med kritikk for nynorskvalet frå lyttarar. Dei fleste av oss ville valt å bøye av. Tusen takk for at du aldri bøygde av Linda Eide, seier juryen.