– Vi bør ikkje gje til tiggarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg førebur seg på eit storinntrykk av romfolk. I fjor var det om lag to tusen romfolk berre i Oslo. I år blir det truleg mange fleire. Mange kjem til Noreg for å tigge. Innrykket skaper debatt. Anlov P. Mathiesen, redaktør for magasinet «Erlik Norge», som representerer norske tiggarar, likar ikkje konkurransen frå romfolket og vil ha tiggeforbod som ei prøveordning. Bjønnulv Evenrud, redaktør for «Folk er folk», kallar framlegget undertrykkjing av dei fattige.

Forskar i etikk ved Universitetet i Oslo Ole Martin Moen har fylgt med på ordskifta om tigging. Han saknar eit vidare perspektiv i debatten.

– Arbeid heller enn å tigge! – tenkjer mange når dei ser ein tiggar. Vi kan synast slike kyniske argument er brutale, men dei har faktisk noko for seg. Når vi gjev til tiggarar, gjer vi tigging meir lukrativt og arbeid mindre lukrativt. Det er uheldig, for arbeid er produktivt, tigging uproduktivt, så det er betre for alle at dei som kan arbeide, arbeider.

LES OGSÅ: – Tiggarar i Oslo er ikkje kriminelle

– Men dei utanlandske tiggarane er svært fattige. Er det ikkje betre å gje til dei enn til nordmenn med tilgang til velferdsgode?
– Jau, litt betre. Nordmenn som tigg, har tilgang til velferdsgode og har ofte fått utdanning og sjansar som millionar av menneske i verda berre kan drøyme om. Er det då dei som fortener hjelpa vår mest? Men vi må òg hugse på at dei utanlandske tiggarane på gata i norske byar i global samanheng er overraskande ressurssterke: Dei greidde å reise hit, og då må vi spørje oss sjølve: Kvifor skal vi hjelpe akkurat dei som har ressursar nok til å reise, og ikkje dei som var så fattige at dei måtte bli att i heimlandet?

– Du bed oss altså handle etter ein gjennomtenkt plan. Er det ikkje vanskeleg når vi emosjonelt blir rivne med av tiggarar med bilete av den lutfattige son eller dotter si?
– Det lyder kynisk, men vi bør ikkje la oss rive med. Gjer vi det, endar vi opp med å gje til dei som kan alle triksa – og då overser vi dei som er for fattige til å kunne sitja på fortaua og vifte med bilete av søte born. For ei stund sidan stansa eg opp og observerte ein tiggar som likna litt på Mor Teresa. Ho hadde eit lite bilete av Jesus framfor seg, og når folk gjekk framom, bøygde ho hovudet, falda hendene og bad og passa på å nemne «Jesus Kristus» når potensielle gjevarar var ein meter unna. Overraskande mange gav henne pengar. Dersom vi gjev til tiggarar på impuls, hamnar pengane hos dei som kan triksa og som difor får mest frå før av.

– Men ikkje alle brukar slike triks?
– Endå om vi passar på å gje ikkje berre til tiggarane som kan triksa, er det framleis ikkje sikkert at pengane hamnar der dei bør hamne. Vi bør ikkje gje til tiggarar i det heile. Det er betre å gje til dei i verda som er desperat fattige, som ikkje er skuld i det sjølve – slik som born – og som kan hjelpast mest for kvar krone vi gjev. For å nå dei menneska er det langt betre å gje til humanitære organisasjonar enn å gje til tiggarar på gata i norske byar.

– Kan vi ikkje gje både til tiggarar og til humanitære organisasjonar?
– Når vi brukar ti kroner på ein tiggar i Noreg, er det ti kroner som vi ikkje brukar på å hjelpe dei som treng og fortener hjelpa vår mest. Sjølvsagt kan vi velja å gje ti kroner meir til velgjerdshjelp, men då er jo dei ti kronene ein del av velgjerdspeng­ane våre. Det er difor betre at desse pengane blir gjevne til ein humanitær organisasjon enn til ein tiggar i Noreg.

– Går ikkje mykje av den humanitære hjelpa opp i byråkrati?
– Nokre humanitære organisasjonar er byråkratiske, men det er ikkje eit argument for å la vera å gje til dei ikkje-byråkratiske. Dersom ein gjev til ein organisasjon som Unicef, blir pengane bruka effektivt. Eit problem er at mange vel å gje til eit spekter av ulike humanitære organisasjonar. Det er irrasjonelt. Finn den mest effektive og bruk alle velgjerdspengane på han. Vi har ikkje råd til å sløse bort pengar på suboptimal velgjerd i ei verd der folk svelt.

Les saka i Dag og Tid!