Mange vil bli flygeleiarar
Nesten 800 personar har søkt om studieplass for å bli flygeleiar i år. Det er over 160 fleire enn i fjor.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I fjor fekk vi inn totalt 536 søkjarar. Vi er svært nøgde med å hamna på 798 i år. Ut frå dette skal vi ha svært gode høve til å nå målet i år med å finna 28 gode kandidatar, seier sjef for utdanning og trening i flysikringsdivisjonen til Avinor, Jesper Krogh.
Han meiner den store auken av studentar heng saman med at det har vore mykje merksemd rundt Avinor og flygeleiarane det siste året.
– I det minste har unge kvinner og menn fått med seg at det er behov for fleire flygeleiarar i Noreg, seier Krog.
Søkjarane skal no gjennom omfattande opptaksprøvar. Avinor reknar med å ha klart kandidatane som blir tekne opp til studiet innan utgangen av juni. (©NPK)