Amanda Stratford Gamst i Juvente krev fleire kontrollar og strengare sanksjonar.

Av dei over 400 daglegvarebutikkane organisasjonen Juvente kontrollerte i fjor, selde éin av tre alkohol til mindreårige.

Ungdommar frå organisasjonen Juvente kontrollerte før jul 407 daglegvarebutikkar over heile landet. I 149 av butikkane fekk mindreårige kjøpt alkohol, opplyser organisasjonen.

– Då vi starta kampanjen i 2007, selde over halvparten av butikkane vi kontrollerte, alkohol til mindreårige. Så det er ei veldig positiv utvikling, seier leiar Amanda Stratford Gamst i Juvente.

Krev strengare kontrollar
Sjølv om ho meiner det er ei positiv utvikling, seier ho kommunane må skjerpe kontrollen av daglegvarebutikkane.

– Det er no opp til kommunane å få slutt på alkoholsal til mindreårige. Dei må gjennomføre fleire og betre kontrollar og strengare sanksjonar når det blir avdekt brot, seier Gamst.

I Stortingsmelding 30 (2011-12) ”Se meg”, står det at det det skal lagast ein vegleiar for god kontroll i kommunane og ei ny forskrift som skal bidra til at butikkar som sel alkohol til mindreårige blir straffa

– Dette er tiltak vi har etterlyst sidan vi starta opp kampanjen i 2007. Årets resultat viser at det fortsatt er eit stort behov for desse tiltaka, seier Gamst.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE