Kaffidrikking og godt humør er ein god, helsebringande kombinasjon, viser forsking.

NPK
NPK

– Personar som drikk 3– 6 koppar kaffi dagleg har 30 prosent lågare risiko for blodpropp samanlikna med dei som ikkje drikk kaffi, seier stipendiat Kristin F. Enga ved Det helsevitskaplege fakultet ved Universitetet i Tromsø til Forskning.no.

I doktorgradsarbeidet sitt har Enga sett på korleis kaffi og nedstemtheit påverkar risikoen for blodpropp. Enga har sett på det som vert kalla venøs blodpropp, det vil seie blodpropp i blodårene som går tilbake til hjertet. Hovudsakleg oppstår slik blodpropp i bein og lunger. Risikofaktorar for venøs blodpropp er eit lite undersøkt forskingsfelt.

LES OGSÅ: kaffi

Antioksidantar
Enga og forskargruppa hennar trur det er antioksidantane i kaffien som gjer at kaffi reduserer risiko for denne typen blodpropp.

– Antioksidantar kan ha ein positiv verknad på blodplater, karvegg og den evna blodet har til å koagulere, forklarer Enga.

Tidlegare studiar har vist at kaffi kan redusere risikoen for diabetes, kreft, alzheimer, hjerteinfarkt og Parkinsons sjukdom.

Kristin F. Enga har brukt Tromsø-undersøkinga i forskinga si. Der har 27.000 personar mellom 25 og 97 år vore med. Kaffikonsumet er sjølvrapportert, og personane i undersøkinga blei følgde i ti år.

LES OGSÅ: Kaffi svekkjer sjansen for å bli gravid

Humøret verkar inn
Det er ikkje tatt høgde for effekten av mjølk- og sukkerinnholdet i mange av dagens kaffitypar.

– Det einaste vi har skilt mellom er filterkaffi og kokekaffi, og vi fann ingen forskjell i funna. Eg vil likevel tilrå folk å drikke filterkaffi grunna den effekten kokekaffien har på kolesterolet, poengterer Enga.

Når det gjeld depresjonar/nedstemtheit og korleis det påverkar risiko for venøs blodpropp, så fann Enga ut at godt humør reduserer risikoen med 40 prosent.

Studien viser at deltakarane som sa at dei følte seg nedstemte eller deprimerte, hadde 60 prosent høgare risiko for å få blodpropp enn dei som opplyste at dei ikkje følte seg nedfor. Dei som i tillegg sa at dei følte seg einsame hadde endå høgare risiko.

– Vi har ikkje sett på klinisk diagnose, men kva testpersonen sjølve har rapportert. Akkurat kvifor deprimerte personar har større risiko for blodpropp, er ikkje lett å svare på, men resultata støttar konseptet om at kropp og hovud heng saman, seier Enga. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE