– Kaffi svekkjer sjansen til å bli gravid
Kvinner som ønskjer å bli gravide ved hjelp av kunstig befruktning, må halde igjen på kaffidrikkinga, viser ein fersk studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kaffi hindrar graviditet
Ei undersøking blant 4.000 kvinner som har gjennomgått prøverørsbehandling, viser at fem kaffikoppar om dagen reduserer sjansen til å bli gravid med 50 prosent.
– Vi er ikkje overraska over at kaffi har ein negativ verknad på kvinner som ønskjer born, men at vi ikkje visste at effekten var så stor, seier forskaren bak undersøkinga, Ulrik Schiøler Kesmodel ved fertilitetsklinikken ved Aarhus universitetssykehus. (©NPK)