Ikkje imponert over transportplanen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den største satsinga på samferdsel nokon gong, sa statsminister Jens Stoltenberg (Ap), då han saman med samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) la fram planane for samferdselsinvesteringane den komande tiårsperioden.

I alt skal det brukast 508 milliardar kroner i planperioden. 42 prosent av pengane skal brukast på Austlandet. Region sør får 22 prosent av midlane, medan Vestlandet får 16 prosent. Dei resterande 20 prosentane vert delte likt mellom Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Ei god og balansert fordeling mellom regionane, ifølgje Arnstad.

LES OGSÅ: Vil bruka 508 milliardar på samferdsel

Offentleg-privat samarbeid
Høgre er skuffa over at regjeringa ikkje er villig til å ta i bruk offentleg-privat samarbeid (OPS).

– Meir ville vorte bygd ut raskare med OPS, seier samferdselspolitisk talsmann i partiet, Øyvind Halleraker.

Statsminister Jens Stoltenberg venta truleg denne kritikken frå Høgre, for han føregreip han alt då han presenterte planen for pressa.

– Den norske staten manglar ikkje pengar. Pengemangel er ikkje ein avgrensande faktor for staten. Staten treng difor ikkje å låne pengar. Det som avgrensar kor mykje pengar staten skal bruke, er kva norsk økonomi toler før det får uheldige konsekvensar i form av mellom anna renteauke, sa statsministeren.

Veg, bane og kystføremål
311 milliardar kroner av midlane i Nasjonal transportplan skal gå til veg, 168 milliardar kroner til jernbane, og drygt 19 milliardar kroner til kystføremål.

Utbygginga av dobbeltspor på Austlandet vert den største jernbanesatsinga i perioden.

Kristeleg Folkeparti meiner regjeringa i Nasjonal transportplan ikkje leverer i nærleiken av det som trengst.

– Planen er lite framtidsretta, seier Dagrun Eriksen, fungerande partileiar i KrF. Ho kritiserer mellom anna at fleire store veg- og baneprosjekt vert skuva ut i tid, og etterlyser forpliktande datoar for når intercity-utbygginga skal vere ferdig.

Framstegspartiet meiner at bilistar snart betaler all vegbygginga her i landet gjennom bompengar.

– Det vert sagt at alle vegar fører til Rom. Med politikken til regjeringa kan vi helle trygt seie at alle vegar fører til bom, seier Bård Hoksrud, samferdselspolitisk talsmann i Frp.

Venstre meiner at planen liknar meir på ei tiltaksliste med hol, enn ein plan for transportutfordringane i Noreg.

– Sykkelen, ein vinnar
Regjeringa skal bruke i alt 16,2 milliardar kroner på skredsikring på riks- og fylkesvegar i åra 2014-2024, og har som mål å halvere talet på omkomne i trafikken i same periode.

For å nå målet vil regjeringa mellom anna byggje 780 kilometer veg med fysiske skilje mellom køyreretningane, drive haldningsskapande arbeid, intensivere kontrollverksemda i trafikken, og satse meir på gang- og sykkelvegar.

I perioden skal det brukast 8,2 milliardar kroner på tiltak for syklistar og fotgjengarar.

– Sykkelen er ein av dei store vinnarane i planen, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Føreseieleg finansiering
Arnstad lanserte også ein finansieringsmodell som skal sikre rasjonell bygging på nokre prioriterte prosjekt.

Blant kandidatane som skal nyte godt av den nye modellen for finansiering, er intercity-prosjekta, prosjekt på E39 og E10, og elektrifisering av Trønderbanen.

Modellen inneber ifølgje Arnstad at framdrifta i prosjekta bestemmer løyvingane, ikkje omvendt – slik det har vore vanleg i norsk samferdselspolitikk. (©NPK)

Kva synest du om Nasjonal Transportplan? Burde Noreg satsa endå meir på jernbane eller veg? Blir det gjeve for lite eller for mykje til distrikta og byane? Skriv meininga di i kommentarfeltet!